Philips saksøker Nintendo

Det nederlandske teknologiselskapet meiner Wii-konsollane bryt med patentane deira.

Den teknologiske verda kan vere eit minefelt om du prøvar å finne opp nye konsept. Om nokon har gjort eller tenkt liknande saker før, kan du stå ovanfor ei rekke ulike patentar. Om du bryt desse kan det raskt betyr rettsleg trøbbel. Alle dei store konsollmakarane har vore i fleire patentstridar, og no står Nintendo ovanfor eit nytt søksmål, får vi vite via Polygon.

Denne gong er det nederlandske Philips som rettar kanonane i retning Nintendo. Dei hevdar at Nintendos teknologi bryt med Philips si forsking innanfor interaktive system, noko som inkluderer rørslekontroll og trådlause apparat som kan styre andre apparat.

Vil forby sal av konsollar

Philips meiner at Nintendos Wii-konsoll, Wii-kontrollerane, balansebrettet, Wii Mini, Wii MotionPlus, Wii U-konsollen, samt Wii U-kontrollaren alle bryt med patentane til Philips.

Vidare hevdar Philips at Nintendo var klare over desse patentane så tidleg som i 2011, men likevel valde å bruke teknologien til Philips utan å skaffe seg ein lisens. Philips vil ha rettssak, og bannlyse Wii U, samt påfølgjande maskinvare med liknande teknologi.

At ein forsmådd patenthaldar vil forby eit produkt er ikkje noko nytt, men det er likevel ingenting å kimse av. I 2011 blei dei importforbud på PlayStation 3 grunna nettopp bråk rundt patentar. Slike saker har det likevel ofte med å ordne seg før det får store konsekvensar for brukarane.

Dette er langt frå første gong Nintendo hamnar i klammeri med selskap som meiner den japanske giganten har forsynt seg av patentar. I 2012 gjekk dei sigrande ut av ei rettssak rundt teknologien i Wii-kontrollarane.

 

 

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen