Pillars of Eternity-beta går i gong neste månad

Snart kan dei som har støtta utviklinga få prøve Obsidians neste rollespel.

Pillars of Eternity er ein av dei verkeleg store Kickstarter-suksessane, og samla inn langt over den minstesummen Obisidian Entertainment opphaveleg håpa på å samle inn. Dette har resultert i eit langt større spel enn først planlagt, og ei lansering først til vinteren 2014.

Om du er ein av dei som har støtta folkefinansieringsprosjektet vil du derimot få sjansen til å bryne deg på rollespelet lenge før den tid. I dag har Obsidian via brukarforumet sitt avslørt at Pillars of Eternity vil gå ut i beta 18. august. Obsidian har ikkje sagt noko om kkor mykje innhald som blir tilgjengeleg i denne betaen, men dei vil kome med fleire detaljar deira neste Kickstarter-oppdatering.

Hyllest til Infinity Engine

Pillars of Eternity hentar inspirasjon frå gamle rollespel frå 90-talet.

Obsidian Entertainment blei grunnlagt av ei rekke veteranar frå nedlagde Black Isle Studios. Dette utviklarstudioet stod bak fleire klassiske rollespel som nytta den etter kvart legendariske Infinity Engine-grafikkmotoren. Blant spela dei skapte der fann vi perler som Fallout 2, Icewind Dale-serien, samt Planescape: Torment. Sistnemnde får for øvrig ein oppfølgjar som og har blitt finansiert gjennom Kickstarter av utviklarane hos inXile.

Som dei mange Infinity Engine-spela vil Pillars of Eternity by på eit avansert rollespel der du får mykje kontroll over både kva du vil gjere i ein gitt situasjon, og korleis du vil byggje opp krigarane dine. Kampane går i sanntid, men kan pausast når som helst for å gi deg tid til å pønske ut gode taktikkar. Som spela det er inspirert av byr det heile på eit todimensjonalt og isometrisk perspektiv.

Om du vil vite meir om Pillars of Eternity bør du få med deg vårt intervju med Pillars of Eternity designer Josh Sawyer.

Siste fra forsiden