(Bilde: Obsidian Entertainment)

Pillars of Eternity blir kortspel

Kickstarterkampanje nådde målet etter kort tid.

Obsidian Entertainment gjorde reint bord på Kickstarter då dei fekk finansiert rollespelet Pillars of Eternity. Rollespelet som henta inspirasjon frå gamle klassikarar som Baldur's Gate og Planescape: Torment blei lansert denne våren, og no er Obsidian klare for nye Pillars of Eternity-eventyr.

Det blir derimot noko ganske anna enn digitale eventyr på PC-skjermen vi har i vente. Obisidian har alliert seg med Zero Radius Games for å utvikle eit kortspel basert på Pillars of Eternity, og med det meiner vi eit kortspel av den gamle sorten der to til fire spelarar sit rundt eit bord.

Rask finansiering

Spelet har fått namnet Pillars of Eternity: Lords of the Eastern Reach, og blei lansert på Kickstarter i går kveld. Målet på 30 000 dollar er allereie i boks, og kronerullinga ligg i skrivande stund på over 40 000 dollar.

Pillars of Eternity: Lords of the Eastern Reach er eit kortspel for to til fire spelarar der du skal byggje ein by, forsvare den, og sende heltar ut på eventyr. Du vil òg kunne angripe medspelarane dine. Det blir designa av Fallout-designarane Chris Taylor og Scott Everts.

Vi skildra rollespelet Pillars of Eternity som eit kjærleiksbrev til rollespelfansen då vi testa det for ei tid sidan, og meinte det var ei perle:

«Med sitt isometriske perspektiv, sanntidskampsystemet og det store fokuset på sideoppdrag og rollespeling er Pillars of Eternity ei spelbar nostalgibombe. Men du treng ikkje ha spelt Baldur's Gate eller Icewind Dale for å få noko ut av denne perla. Spelet passar like godt for både veteranar og nybyrjarar.»

Nedanfor kan du sjå ein demonstrasjon av korleis Pillars of Eternity-kortspelet vil fungere.

 

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen