Pillars of Eternity har fått dato

Det folkefinansierte retrorollespelet er klart for lansering.

Obsidian Entertainment

Det komande rollespelet Pillars of Eternity har endeleg fått lanseringsdato. Etter å ha samla inn over 4,5 millionar dollar gjennom Kickstarter og si eiga heimeside, er rollespelveteranane hos Obsidian Entertainment klare for å sleppe skaparverket sitt ut i det fri. I ei pressemelding frå utgjevaren Paradox får vi i dag vite at Pillars of Eternity blir tilgjengeleg på Windows, Mac og Linux 26. mars.

Pillars of Eternity er eit forsøk på å gjenskape magien frå gamle rollespel som Baldur's Gate og Icewind Dale, spel som i si tid blei utvikla av fleire av utviklarane som no er tilsette hos Obsisidan. I motsetning til Dungeons & Dragons-universa desse spela var baserte på, byr Pillars of Eternity på ei heilt ny verd skapt av Obsidian.

Speldemonstrasjon på Twitch

Pillars of Eternity byr på isometriske utfordringar.

Om du har vanskar med å vente heilt til mars for å sjå kva Pillars of Eternity vil by på av utfordringar, kan du logge deg inn på Obsidians Twicth-kanal førstkomande torsdag kl. 21.00 norsk tid. Då vil Regissør Josh Sawyer vise kva endringar Obsidian har gjort i spelet sidan betaperioden.

Vi såg på Pillars of Eternity tidlegare i år, og såg at det kom til å bli eit vakkert spel med mange utfordringar og valmoglegheiter:

«Alt for lite av spelet er blitt vist fram til at vi kan felle nokon dom, men det vi har sett av Pillars of Eternity peikar heilt klart i riktig retning. Omgjevnadane du ferdast i er nydelege, kampane er utfordrande, og spelaren har stor valfridom til å spele på sin eigen måte. Ikkje forvent å kunne klikke deg raskt gjennom dette spelet.»

Folkefinansiering har vore gull verdt for rollespel i gammal stil. I fjor haust blei glimrande Wasteland 2 lansert, og i år kan vi sjå fram til Planescape: Torment-oppfølgjaren Torment: Tides of Numenera.

Siste fra forsiden