– Piratane får HBO-behandling

Vi må nok vente ei stund til på Assassin’s Creed: Kaptein Sabeltann.

Ubisoft likar å prøve ut forskjellige tidsepokar og settingar med monsterserien Assassin’s Creed. Det starta med Altaïr under korstoga, heldt fram med dei tre spela om Ezio i Italia på 1500-talet, og sist fekk vi springe rundt som Connor under borgarkrigen i USA. Neste stopp er eit spel om piratar og skipsslag.

Piratane blir ofte presentert med ei humoristisk vinkling i populærkulturen, men dette er på ingen måte kva Ubisoft er på jakt etter med Assassin's Creed IV: Black Flag, fortel Carsten Myhill frå Ubisoft til MCV:

Ein ny dag, ein ny leigemordar.
Ein ny dag, ein ny leigemordar.

«Vi held oss unna klisjar og ting som å gå planken, papegøyer på skuldra og krokar i staden for hender. Vi gjev piratane HBO-behandlinga, og gjer det truverdig. Vi har sjansen til å omdefinere piratar i underhalding, og det er ikkje for ungar lenger.»

Myhill meiner moglegheitene er store for piratar i spel, og fortel i tillegg at det etter dei marine slaga i Assassin’s Creed III ikkje var nokon tvil om at dette er noko folk vil ha.

«Det er ikkje lett. Dette krev eit veldig bra team, mykje erfaring og god teknologi. Å ha gode sjøslag er ein ting, men å kombinere det saumlaust med bording og landbasert gameplay er vanskeleg.» held Myhill fram.

I Assassin’s Creed IV: Black Flag møter vi Edward Kenway som er bestefaren til Connor frå Assassin’s Creed III. I spelet får du ditt eige skip du kan ruste opp etter kvart som du samlar inn ressursar og utfører oppdrag.

Les også: Anmeldelse: Assassin's Creed III: Liberation
Les også: TV-kanal trodde spillbilde var fotografi

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen