Piratane inntek Borderlands 2

Neste veke får det post-apokalyptiske rollespelet ei solid utviding.

Om du enno ikkje har kome deg i gong med Borderlands 2 har du gått glipp av mykje moro. Samtidig er det på høg tid å få ut fingeren og bli ferdig med historia før den første av fire nedlastbare historier blir tilgjengelege.

Via den offisielle nettstaden sin har Gearbox Software i dag kunngjort at vi allereie neste veke får meir å kose oss med i Borderlands 2. Då vil vi reise til eit aude sandhav der vi kjempar mot piratar i Captain Scarlett and Her Pirate's Booty!. Diverre har vi ikkje så frykteleg mange detaljar om den første utvidinga til å fukte appetitten med.

Piratar i solnedgang.

Derimot har vit fått eit skjermbilete, og som kjent fortel eit bilete meir enn tusen ord. Det vi kan sjå er eit par svevande kjerrer i det som lett kan sjå ut som ei litt aggressiv jakt. Utover det finn vi gule sandsletter og ein fyr i bakgrunnen med ei uhorveleg svær firskestang. Alt ved det vanlege på Pandora altså.

Her i garden var mykje glede og svært mykje varme då Borderlands 2 kom i hus, og vi smekka til med erkesolide ni av ti poeng:

«Med Borderlands 2 får vi akkurat det vi kunne ha håpa på. Etter suksessen med Borderlands er det lett å sjå at Gearbox har brukt tida på å gjere alt det som ikkje kunne gjerast i første omgang. Verda er større, den er penare, den er meir underhaldande, og den byr på mykje meir moro. Variasjonen er mange gongar større, og om ein skulle gå lei av dei brune landskapa i det første spelet får du i pose og sekk no.»

Captain Scarlett and Her Pirate's Booty! blir tilgjengeleg frå og med førstkomande torsdag på PC, PlayStation 3 og Xbox 360.

Les også: Ny Borderlands 2-klase i dag Les også: Hvordan hadde Borderlands vert i 1989?

Siste fra forsiden