Planlegg Borderlands 2-karakteren din

Om du likar å vite kva du går til har Gearbox ei nettside for deg.

No er det ikkje lenge igjen til det svært så etterlengta Borderlands 2 ramlar inn i butikkhyllene med stor kraft. Oppfølgjaren til det herlege samarbeidsspelet frå 2009 lovar at absolutt alt blir både større, betre, villare og meir absurd. Ikkje minst kan vi vente oss fleire våpen enn i noko anna spel, nokon sinne. Eller noko sånt.

Men våpen er ikkje alt. I Borderlands 2 kan du sjølvsagt snikre saman figuren din etter dei behov du måtte ha. Sidan det kan vere lett å gå seg vill i jungelen av eigenskapar og bonusar når ein omsider sit der og må ta viktige val, har Gearbox gjort det enkelt for oss.

På den offisielle nettstaden for Borderlands 2 kan du no få sjå heile eigenskapstreet, og du kan i tillegg byggje opp dei fire karakterane slik du vil. Om ikkje anna vil du vere førebudd på kva dei forskjellige karakterane har å by på når spelet blir lansert. Om det er ein ting du kan vere sikker på, er det at det blir stor variasjon både mellom karakterane, og eigenskapane du kan velje for dei.

Stor møter størst i Borderlands 2.

Vi har sett spelet i aksjon, og har absolutt ingen grunn til å tvile på at dette blir ein solid heisatur gjennom den post-apokalyptiske planeten Pandora:

– Borderlands 2 er eit spel som freistar meg veldig, på tross av at eg ikkje var nokon stor tilhengjar av forgjengaren. Det karakteristiske grafiske designet, kombinert med smartare fiendar, og ein dråpe god humor, gjer at dette kan bli ei særdeles god oppleving å dele saman med andre. Med ulike ferdigheiter som lar deg leggje opp figuren din etter din føretrekte spelemåte så er eg i alle fall klar til å gi Borderlands-serien ein ny sjanse.

Les også: Hvordan hadde Borderlands vert i 1989? Les også: – Borderlands 2 får en helt annen dybde

Siste fra forsiden