PlayStation 2-klassikarar får Vita-dato

Snart kan du ta med deg God of War og Sly Cooper ut på tur.

HD-samlingar er ikkje noko nytt, og har blitt eit populært tiltak dei siste åra. Utviklarar får servert eldre spel til nye publikum, og for fansen er det som regel snakk om eit positivt gjensyn. Ei av dei ferskaste HD-oppdateringane er Fable Anniversary frå Lionhead Studios.

Sony var ute med HD-versjonar av spelbiblioteket sitt lenge før Microsoft. Det første restaureringsprosjektet frå den kanten var God of War Collection. I denne pakka som blei lansert i 2010 fekk vi PlayStation 2-spela God of War 1 og 2 i full HD på PlayStation 3.

Nokre månadar seinare fekk vi eit HD-gjensyn Sly Cooper i The Sly Collection, som blei lansert rundt juletider 2010.

Snart Vita-klare

Sly Cooper på PS Vita.
Sly Cooper på PS Vita.

At desse HD-versjonane var på veg til Vita blei kjent i fjor. I dag kan vi lese på den offisielle PlayStation-bloggen at begge samlingane har fått dato. Først ut er The Sly Collection – som no går under namnet The Sly Trilogy – den 16. april.

Nesten ein månad seinare dukkar God of War Collection opp. 6. mai kan du igjen få med deg dei første spela om sinnataggen Kratos. Begge samlepakkane vil støtte trykkskjermen.

Spela vil som dei fleste andre Vita-spel bli tilgjengelege både fysisk i butikk, og for direkte nedlasting.

Nokre andre HD-versjonar frå tidlegare konsollgenerasjonar du bør få med deg er Kingdom Hearts 1.5 HD ReMIX og The Legend of Zelda: The Wind Waker HD.

 

 

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen