PlayStation 4 dominerer i Europa

Har så mykje som 90% marknadsandel i enkelte område.

(Bilde: Gamer.no, Audun Rodem)

At Sony har gjort det svært godt over heile verda etter lanseringa av PlayStation 4 bør ikkje overraske nokon. Konsollen har knust salsrekordar, og Sony tente godt på Microsofts mange feiltrinn ved kunngjeringa av Xbox One.

Nøyaktig kor godt PlayStation 4 gjer det for tida bør likevel kunne løfte nokre augebryn. I eit intervju med VGT247 har Sony Europa-president Jim Ryan kasta lys over kor mykje betre det går for dei enn for Microsoft og Nintendo akkurat no:

«Vi har ein svært klar marknadsleiarskap. Vi leiar i kvart land i Europa, og spesielt i Kontinentaluropa. Eg trur ikkje marknadsandelen er under 70% nokon stad, og er ofte høgre enn 90% i Kontinentaleuropa.»

Sonys sigersmarsj

Final Fantasy VII Remake kjem først til PlayStation 4.
Square Enix

Om Jim Ryans tal stemmer betyr det i grove trekk at Microsoft og Nintendo i beste fall kan knive om skarve 30% marknadsandel. Situasjonen for Sony er no så god at dei ikkje ser nokon grunn til å vurdere priskutt med det første.

Det ser ut til å berre gå ein veg for Sony for tida. Dei gjorde ein svært god figur under årets E3-messe, og hausta mykje ros for visning av etterlengta The Last Guardian, Guerilla Games sitt nye spel Horizon: Zero Dawn, og ikkje minst kunngjeringa av Final Fantasy VII Remake. Som om det ikkje var nok har Sony no inngått ei avtale med Activision om å få alt Call of Duty-DLC før det blir tilgjengeleg på Xbox-konsollar.

Siste fra forsiden