Førsteinntrykk

PlayStation 3

PlayStation 3 inntar snart vårt langstrakte land. Gamer.no har hatt gleda av ein liten obduksjon.

Kva forventar ein eigentleg av ein ny konsoll frå Sony? Etter alt vi har høyrt, på både godt og vondt, kva sit ein igjen med når ein endeleg har fått brukt litt tid på å utforske denne såkalla hybriden mellom konsoll og datamaskin? Er dette det neste og viktige steget innan heimeunderhaldning, eller er det ein oppskrytt svart boks du godt kan vente med å kjøpe?

Dyr koloss

Det er ingen tvil om at PlayStation 3 både ser og kjennest ut som eksklusiv vare. Den er stor og tung, og glir merverdig godt inn ved sidan av resten av underholdningssenteret. Den er stille som ei mus samanlikna med Xbox 360, og det å endeleg få bruke HDMI-porten på HDTV-en til noko vettugt er ei ganske god kjensle.

Når du slår på PlayStation 3 blir du møtt av ei horisontal linje som viser alt du har å velje mellom. Ved å bla til høgre og venstre vil du få tilgong til alt maskina har å by på. Om du har ein PSP vil du raskt kjenne deg igjen sidan oppsettet fungerar på nøyaktig same måte. Å høyre på musikk, sjå på video eller bilete er ei smal sak. Dette er umiddelbart tilgjengeleg frå menyen, i motsetning til Xbox 360 der du må bla og trykke mykje meir for å finne det du vil ha.

Det som raskt blir klart er at dette ikkje er ei idiotsikker maskin. Å starte opp maskina er som å entre ei litt ukjend verd om du er litt ny på alt som har med instillingar å gjere. Sjølv om menyvala ligg klart og tydeleg på rekke og rad, er det lett å bli litt usikker på korleis du eigentleg skal optimalisere konsollen for dine eigne behov. Ved å ta ein tur innom systeminstillingane, vil det dukke opp ein liten innsjø av ting du kan justere på. Det heile framstår som ganske rotete, og det er unødvendig innvikla å finne det du skal ha tak i. Korleis kan noko som er så lettvindt på Xbox 360 og Wii, brått bli så vanskeleg?

Tilgjengelig for folk flest?

Krampeaktig internettsurfing

Når dette er gjort er det uansett berre å hive seg over på PlayStation 3 sine varierte funksjonar. Vi kan vel starte med funksjonen som lar deg surfe på nettet. I noko som framstår mest som ein parodi, blir du ønska velkommen av knøttliten og uleseleg tekst. Du kan forstørre skrifta litt, men det er ikkje alltid det er til stor hjelp når skrifta er kornete og uleseleg. Å måtte løfte den tunge kroppen opp frå sofaen og strekke den mot TV-en for å sjå skrifta, gjer meg ikkje lyst til å dumpe PC-en med det første. I tillegg er ikkje internetvindauget i breiskjermformat. Dette er kanskje ikkje er nødvendig, men det er litt uforståeleg og irriterande likevel. For ein liten test kobla eg min eigen PC til HDTV-en min, og der var alle sider fullt leselege, med mindre skriftstørrelse.

Lettare inspirert av Xbox Live Arcade kan du også på PlayStation Network laste ned spel. Du finn både gamle og nye spel, og du kan til og med laste ned gamle PSOne spel til din PSP. Dette er eit godt tiltak og prisane er ikkje så høge at dei vil skremme vekk nokon. Grensesnittet kunne nok uansett hatt godt av litt vårrydding. Det er som om nettverket er bygd opp for bruk med mus, og ikkje ein handkontroll. I staden for å flytte deg rundt via opplyste boksar som på Xbox 360 eller Wii, flyttar du rundt på ein liten kvit musepeikar. Denne kan også bli vanskeleg å sjå avhengig av fargane på biletet du held den over. Xbox 360 har ikkje alltid den fulle oversikta, men du ser i det minste kvar du er til ei kvar tid. Det gjer du ikkje alltid her. Foreløpig kan du heller ikkje laste ned samtidig som du gjer noko anna, men vi får håpe dette forandrar seg i ei framtidig firmware-oppdatering.

Last ned eller kjøp spill fra PlayStation Store

Lettvektig og bevegelsessensitiv kontroller

Noko som allereie har vore årsak til mykje diskusjon er handkontrollen (SIXAXIS) til PlayStation 3. På lik line med Xbox 360, er den trådlaus, har ein liten knapp du kan trykke på for å slå av maskina, og den har små lys som indikerar om du brukar kontroll ein til fire. Den har og ein medfølgande USB-kabel slik at du kan lade kontrollaren medan du spelar, men denne er latterleg kort og vil nok tvinge deg til å gå til innkjøp av ein lengre om du vil lade og spele samtidig.

Den største kontroversen PlayStation 3-kontrollaren har skapt er nok mangelen på rumble, og den nye bevegelsesensoren. Det umiddelbare inntrykket ein sit igjen med er at kontrollaren er veldig lett. Det er heller ingen av spela vi har fått sjå grundigare på som brukar den i nemneverdig grad. Resistance: Fall of Man brukar den om nokon grip tak i deg, og du må riste på den for å få deg laus, men dette er meir forstyrrande enn noko anna. At du ikkje har rumble er noko du eigentleg ikkje legg merke til, men det er litt vanskelegare å la seg engasjere i like stor grad når du ikkje får noko respons mellom henda dine. Om dette er mangel på risting, eller spela sin kvalitet er ei anna sak.

Den nye trådløse SIXAXIS-kontrolleren
Les også
Liste lekket

Det er uansett verken risting eller sensorar som øydelegg for SIXAXIS. Samanlikna med å bruke Xbox 360 sin ergonomisk velpolerte kontroll, eller Nintendo sitt nytenkande oppsett, er SIXAXIS eit brutalt steg tilbake. Den er nesten ubehageleg lett, og ryggknappane er så glatte at det er vanskeleg å få grep på dei. I eit korttenkt forsøk på å oppdatere skulderknappane, har R2- og L2-knappane blitt omgjort til avtrekkarar, men sidan det ikkje finnest motstand i dei blir dette meir ein negativ del enn eit positivt tilskot.

Blu-Ray for alle penga

Noko som stiller store spørsmål hos mange er kor mykje betre biletet blir på ein PlayStation 3 med 1080p og HDMI-kablar, i forhold til ein Xbox 360 som kun oppskalerar til 1080p og ikkje har HDMI-kablar. Beklagelegvis har ikkje min HDTV støtte for 1080p, så akkurat dette har eg ikkje fått gjort meg opp ei solid meining om. Det er uansett ingen tvil om at PlayStation 3 leverer sylskarpt bilete. Å gjere ein endeleg test på om du merkar stor forskjell, er vanskeleg å gjere før vi har ein multiplattform-tittel tilgjengeleg, der vi kan samanlikne side ved side.

Uansett held eg ein liten knapp på at du berre ved å kunne bruke HDMI-kablar får merkbart betre bilete. På min 32" HDTV kunne eg ikkje unngå å legge merke til kor skarpt bilete var på åpningsfilmen til Genji: Days of the Blade. Det er nærmast som om alt hoppar mot deg, noko eg må innrømme eg ikkje opplev ofte på Xbox 360. Dette kan ha noko med stilen på grafikken i Genji å gjere, sidan alle linjene i videoen er klare og tydelege. Eg opplevde ikkje noko liknande med Resistance: Fall of Man, som på ingen måte gav meg noko eg ikkje allereie har sett betre på ein Xbox 360.

Biletekvalitet bringer oss lett over på den store Blu-Ray-mot-HD-DVD-krigen. Eg skal ikkje legge meg opp i kva som er best av desse formata, det overlet eg til nokre andre, men eg har fått gleda av å prøve ut to Blue-Ray-filmar. Først ut var A Knight's Tale, tett etterfulgt av den heller ukjende og uinteressante Ultraviolet.

Skjermbilde fra Genji: Days of the Blade

Noko som er lurt å være klar over, er at du ikkje treng å kjøpe dine gamle filmar på nytt. Sjansen for at ein film frå nitti-talet kjem i forbetret Blu-Ray-versjon er liten. Det same gjeld for A Knight's Tale. Filmen har riktignok skarpare bilete enn på DVD, og fargane er klårare, men det er framleis kornete og skilnaden er ikkje stor. Om ein film ikkje hadde optimal kvalitet på biletet i utgongspunktet, vil det ikkje på magisk vis bli betre kun ved å legge den på ei Blu-Ray-plate.

På ein nyare film som Ulotraviolet er det derimot mykje tydelegare kva Blu-Ray er i stand til. Biletet er sylskarpt, og fargane praktisk talt hoppar ut av skjermen. Det kan samanliknast med det vesle sjokket du fekk første gong du såg ein film på DVD. Overgangen er så stor. Ein ting begge filmane mangla, men som du har på HD-DVD, er menyane som lar deg sjå på til dømes ekstramateriell samtidig som du ser filmen. Begge Blu-Ray-filmane var så og seie blotta for ekstramateriell.

Konklusjon

Vil eg anbefale deg å svi av seks store lappar på ein PlayStation 3 (utan HD-kabler og spel) den 23. mars? Utan å nøle vil eg eigentleg seie nei. Det er ei solid liste med lanseringstitlar, men det er lite der som ikkje finnest på Xbox 360 frå før, og det ser ikkje ut til å være nokon spel der som er gode nok til å selje maskina aleine. Sjansen er liten for at denne prisen går ned med det første, men eg vil likevel råde deg til å vente litt. Prøve nokre spel om du kan, og bygge deg opp ei meining om kva konsoll som har dei spela du likar best. Det er ingen tvil om at det er stortitlar på veg til maskina, men akkurat no leverar både Wii og Xbox 360 mykje meir valuta for pengane.

Se også våre sniktitter på PS3-spela Full Auto 2: Battlelines og Virtua Tennis 3. Flere sniktitter og førsteinntrykk av lanseringsspela kjem i tida framover.

Siste fra forsiden