Pokémon X og Y er kunngjort

Den megapopulære serien får sine første kapittel på Nintendo 3DS.

Med jamne mellomrom køyrer Nintendo ut Nintendo Direct-sendingar via nettsidene sine. Der fortel dei om kva vi har i vente på Nintendo-plattformer i nær framtid, samt ei og anna kunngjering. I dag hadde dei ein Pokémon-spesial der dei kunngjorde Pokémon X og Pokémon Y for Nintendo 3DS.

Pokémon-spela er for det meste ganske tradisjonelle turbaserte rollespel på handhelde plattformer. Pokémon X og Y blir ikkje noko unntak, men med unntak av eit par sidespel blir dette første gong rollespelserien vitjar Nintendo 3DS. Det blir samtidig første gong rollespelserien dukkar opp i full 3D.

Serien har teke eit solid grafisk sprang.
Serien har teke eit solid grafisk sprang.

Som vi kan sjå av titlane på dei to spela held Nintendo fram tradisjonen med å lansere to versjonar av kvart nye Pokémon-spel, der kvar versjon byr på ulike monster. Dette er derimot første gong variantane ikkje baserer seg på fargar, men om dette har noko relevant tyding for innhaldet i spelet veit vi så langt ikkje noko om.

Nokre handfaste detaljar om kva nytt spelet har å by har vi enno ikkje, men av traileren du kan få med deg nedanfor får vi sjå at spelet byr på ein ny kameravinkel tilpassa den nye grafikken, i staden for den vanlege isometriske vinkelen. Samtidig byr spelet på tre nye monster; eit sært skogsdyr med namnet Chespin, ein eldsprutande hund med namnet Fennekin, og ein blå frosk med det opplagde namnet Froakie.

Vi må enno vente ei stund på dei nye spela, sidan lanseringa er lagt til oktober seinare i år. Dette blir derimot første gong eit spel i serien blir lansert over heile verda samtidig.

Les også: Anmeldelse: Black Version 2
Les også: Anmeldelse: Pokémon Conquest

Pokémon X og Y-trailer

Kommentarer (54)

Forsiden akkurat nå

Til toppen