Populære Hotline Miami kjem til Vita og PS3

Drapsspelet utforskar horisonten.

Hotline Miami blei kjapt ein av seinhaustens store suksessar. I spelet reiser du rundt i 80-talets Miami for å drepe mafiabossar og anna avskum med samuraisverd medan du høyrer på fengjande musikk. Før den tid må du derimot skyte deg gjennom solide mengder med vakter i spelet som pyntar seg med 2D-grafikk i god, gammal stil.

Sidan lanseringa på slutten av oktober har spelet selt over 300 000 kopiar, noko som må seiast å kunne vere ein solid suksess for den svenske utviklarduoen bak spelet. Tidlegare har dei kunngjort at ein oppfølgjar er på veg, men før den tid dukkar spelet opp på PS Vita og PlayStation 3, får vi vite via Eurogamer.

Brutaliteten er det ingenting å seie på.

Dei nye versjonane av spelet ser ikkje ut til å kome med ekstra innhald av noko slag. Spelet er av Cross-Play-typen, noko som betyr at om du kjøper ein versjon av spelet, får du alle tre.

For å feire kunngjeringa av steget over til nye plattformer har utviklaren Dannaton snekra saman ein snasen liten trailer du kan sjå nedanfor.

Hotline Miami kjem i sal for PS Vita og PlayStation 3 i løpet av våren.

Les også: Anmeldelse: Fractured Soul Les også: Disse indie-spillene bør du prøve

Siste fra forsiden