Anmeldelse

Primal

Det er ei mørk og dyster natt i byen, og alle dei mørke og dystre tenåringane har samla seg på ein utestad for å hoppe opp og ned til tonane av det mørke og dystre bandet på scena. Medan livet går sin gang på ein rockekonsert bevegar ein godt over to meter høg skikkelse seg gjennom lokalet, kledd i lang si frakk er han ikkje din typiske musikkentusiast.

Side 1
Side 2
Side 3

Han stoppar i midten av lokalet og stirrar intenst på bandets frontfigur. Vokalisten heiter Lewis og er kjærasten til kvinna som skal bli hovudpersonen i eit moderne folkeeventyr. Skremt spring han bak scena og møter kvinna i sitt liv, med frykt i stemma fortel han ho om skapningen blandt publikum. På ved heim prøvar ho å roe han ned, berre for å bli avbroten av skapningen som kjem springane gjennom veggen. I levenet som oppstår blir Lewis kidnappa og kvinna, Jennifer Tate, endar opp i koma.

Som eit folkeeventyr
På sjukehuset, ikkje lenge etter, står to personar i kvite klede og diskuterar situasjonen til Jennifer, eller Jen, som ho også blir kalla. Den er kritisk, og vi får også vite at Lewis blei funnen eit stykke vekke frå der Jen låg. Så snart legane har gått frå rommet byrjar ting å skje. Jen har ei ut-av-kroppen-oppleving, og ser brått ting frå eit ganske anna perspektiv. Usikker på om ho er daud eller levande møter ho for første gong Scree, ein liten gargoyle som seinare skal bli Jens kompanjong gjennom det komande eventyret.

Scree tar med seg Jen til Necropolis, og forklarar ho den kritiske situasjonen universet er i. Balansen mellom godt og vondt er i fare. Arella, som representerar fred og ro, og Abaddon, kaos og mørke, er to dei to som sørger for balanse. Utan den eine vil alt kollapse. Abaddon, ond som han er, har ingenting imot dette, og gjer kva han kan for å skape universalt kaos. Tida er knapp, for Chronos, skapningen som sørger for at dei gode og vonde kreftene forheld seg i balanse, har store problem med å holde Abaddons kaos tilbake. Det er på høg tid at noko blir gjort, og derfor drar Scree med seg Jen inn i eit eventyr ho seint vil gløyme.

Primal er eit nydeleg spel, det er det ikkje diskusjon om eingang. Det er kreativiteten Cambridge har lagt i designen av spelet som gjer det interessant. Du vil ikkje finne eit einaste område som er flatt og kjedeleg. Korridorar under jorda er forfallne og skitne, og når du spring gjennom dei med ein fakkelbærande Scree er det vanskeleg å ikkje bli sugd inn i denne verda. Primal er eit typisk fantasi-spel, det er mange utanomjordiske skapningar som vi alle veit ikkje eksisterar, men alt er gjort på ein så overbevisande og truverdig måte at dette like godt kunne ha vore ei reise gjennom gamle folkeeventyr.

Nydeleg, men kjedeleg
Grafikken i Primal er flott, men samtidig blir den også fallgropa som Primal fell ganske stygt i. Med eit så vakkert spel, som er så atmosfærisk, korleis kan då resten av spelet leve opp til det? Sannheita er at det gjer ikkje det. Du skal ikkje spele så veldig lenge før du har gjort opp di endelege meining. Likar du actionspel? Du finn ikkje det du leitar etter her. Likar du rolege eventyr? Leit ein anna stad. Cambridge har gjort eit verdig forsøk på å lage eit action-eventyr, men dessverre endar det opp med å bli verken det eine eller det andre. Alle eventyra dette spelet har å by på blir i det visuelle og i dialogen, din del av handlinga følest til tider meir som ein tur på fjellet ein dårleg dag når du har gått deg vill.

Det blir mykje fram og tilbake i Primal. Ofte må du finne gjenstandar i forskjellig rom, for så å gå langt tilbake til eit tidlegare rom for å bruke dei. Utan kartet, som forøvrig tar lang tid å laste fram, hadde dette til tider vore ei håplaus affære. Oppgåvene dine er oftast av ein så smipel natur at du berre skal få den eine til å opne ei dør for den andre. Det blir ikkje mykje eventyr av slikt. Actiondelen er heller ikkje vellukka. I eit tappert forsøk på å skape like hektisk action som i til dømes Tekken, endar vi opp med kjedelege kampar der du berre trykker på ryggknappane i eit forgjeves håp om å forstå kva du eigentleg driv med.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden