Sniktitt

Prince of Persia

Prinsens nye klede

Den gamle prinsen er tilbake atter ein gong, og har eit par nye triks på lager.

Prince of Persia-trilogien somdukkaopp til alle format førre generasjon, blåste nytt liv inn i den klassiske serien skapt av Jordan Mechner i 1989. Prinsen vart tøffare, meir akrobatisk, og det er vel lov å seie han hadde større sex-appeal òg. Franchisen blei så populær at det no er ein stor Jerry Bruckheimer-film i produksjon, med ein muskuløs Jake Gyllenhaal i hovudrolla som prinsen.

Spillscener fra Prince of Persia

Vis større

Video: Prince of Persia

Stikkord:
  • action
  • eventyr
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • prince of persia
  • _editorialselect


Som eit totalitært motangrep på denne filmen, og heile serien den er basert på, kjem Ubisoft med eit nytt Prince of Persia-spel der dei har fullstendig gjenskapt prinsen. Det umiddelbare inntrykket kjem frå den grafiske stilen. Om du har sett eit «cel-shada» spel ser du kanskje føre deg søte manga-figurar med svært enkle, eller temmeleg fråværane teksturer, men Prince of Persia vil kjapt få deg på andre tankar.

Det einaste som får tankane til å gli mot denne teknologien, er den svarte lina som går rundt alle karakterar og objekt i verda. Det ser likevel ikkje ut som ein teiknefilm, det ser meir ut som eit levande måleri. Den kreative fargebruken, den røffe tekstureringa, og det inspirerte designet gir spelet eit visuelt pust som verkeleg er friskt når du ser det i aksjon. Med alle dei mørke, grå og brune skytespela vi har hatt dei siste åra, er det godt å sjå eit spel som tør å bruke fargar på ein kreativ måte.

Ingenting er umogleg

Som med dei førre Prince of Persia-spela, står akrobatikken høgt for utviklarane. Prinsen hoppar og spring langs veggar slik vi er vande med, men det er nokre nye element som snur spelet på hovudet. I tillegg til å springe på veggar, kan prinsen no springe opp ned langs tak, på veg mot eit trygt haldepunkt. Den viktigaste nyvinninga i spelet er likevel Elika – ei vakker jente som heile tida er saman med prinsen.

Elika følgjer deg ved hjelp av kunstig intelligens, og du har enkel kontroll over ho. Ho er eigentleg som eit våpen, eit veldig unikt grafisk våpen. Trykket på ein knapp vil ikkje berre få prinsen til å slå sverdet sitt mot ein fiende, det kan i staden få Elika til å hoppe inn i biletet og angripe fienden saman med prinsen. Det er unikt, og det ser samtidig veldig bra ut. Ubisoft har i tillegg putta inn små sekvensar som ikkje er lange nok til å kunne kallast filmklipp, men likevel skapar nokre sekund med dramatikk før ei handling blir utført.

Ved å involvere denne jenta i spelet, har Ubisoft funne ein god måte for å kunne gjere ting som elles hadde vore heilt usannsynleg, eller umogleg. Til dømes er det nokre hakk vanskelegare å døy i dette Prince of Persia-spelet. Skulle du stupe mot avgrunnen, vil skjermbiletet gli over i prinsen si hand, som strekkjer ser oppover før den grip om handa til Elika. Elika dreg deg på denne måten opp og ut av den sikre død.

I tillegg kan du bruke Elika for å oppnå ekstravagante akrobatiske hopp. Avstandar som før i tida hadde vore umenneskelege, er no barnemat, sidan du midtvegs i eit hopp kan kalle på Elika, for å få ho til å slenge deg vidare lik akrobatane i toppen av eit sirkustelt.

Opent og utfordrande

Så langt har vi berre fått døme på eitt av dei forskjellige områda i spelet, men utviklarane lovar stor variasjon. Dette området ser mest ut som ruinar, med høge murar og tårn. Det er mørkt og guffent, sidan dei onde kreftene har teke over, og ditt oppdrag er å fri det frå det vonde.

Det ein merkar med desse miljøa, er korleis prinsens eigenskapar gjer det mogleg for han å nå så godt som alle område. Utviklarane seier sjølv at dei reknar med at spelarane vil finne vegar å gå som ikkje ein gong dei hadde tenkt på. Det er meininga at spelet skal vere opent, og la deg utforske områda slik du sjølv vil.

Les også
Anmeldelse: Prince of Persia

Dette betyr ikkje at Prince of Persia er Grand Theft Auto med sverd. Det betyr at kvart område er ei sandkasse, medan ei lineær historie vil la deg gå mellom forskjellige sandkasser. Denne historia vil bli fortalt på fleire varierte måtar, blant annet gjennom filmsekvensar og hendingar som skjer medan du spelar. Eit døme på dette er korleis Prinsen og Elika snakkar saman medan du spelar. Dei seier ikkje mykje, men det er nok til å tru det kan vere med på å byggje opp vår forståing for forholdet deira. I tillegg fortel utviklarane at forskjellige kontekstuelle handlingar vil kunne vere med på å føre historia framover, utan at dei går meir inn på detaljar enn det.

I korte trekk handlar historia om eit mørke som har teke over, og som vanleg er det din jobb å rydde opp. Det er ingenting nytt her, men det interessante er korleis du skal nå dette målet. I kvart område må du kome deg til ein heilag stad. Når du har teke med deg Elika hit, vil ho reinse området. Når dette er gjort, vil mørke og dystre vegger bli erstatta av lys, grøne planter, og sommarfuglar.

Ein-mot-ein-kampar

Ubisoft har forkasta mykje av det som kjenneteiknar dei tidlegare Prince of Persia-spela. Sanden du kunne forme tida med er borte, og kampsystemet er heilt nytt. Kampsystemet i den tidlegare trilogien var godt, men blei gjort mykje betre i andre spel som God of War og Devil May Cry, noko utviklarane er veldig klare over, og difor vel å gjere noko heilt anna.

Resultatet er kampar der det heile utartar seg meir som ein duell, enn som ein serie med slag mot forskjellige fiendar. Du møter ein stor fiende om gangen, og denne vil by på ei mykje større utfordring enn kva kvar enkelt fiende av ei gruppe generelt sett vil gjere. Dei lærer av kva du gjer , og forandrar angrepsmønster, noko som etter tur tvingar deg til å skifte taktikk for å kunne vinne.

Fienden kan til dømes gå ut i ein aggressiv angrepsmodus, noko som vil få han til å slå bort Elika om du skulle bruke ho i eit angrep. Eit slikt slag slår Elika ut av spel ei lita stund, slik at prinsen må drepe beistet utan hjelp. Dette tvingar deg til å slå fienden berre ved hjelp av prinsen sjølv. Ein måte du kan gjere dette på, er ved å tvinge fienden bakover, før du til slutt slår han over ein av dei mange avsatsane spelet byr på.

Konklusjon

Det nye Prince of Persia-spelet er definitivt eit friskt pust for ein trilogi som kanskje tok det litt langt i siste kapittel. Spelet er mykje det same som før, men den nye grafiske stilen, og nye eigenskapar grunna den spenstige jenta Elika, ser ut til å kunne gi spelet ein heilt ny dimensjon

Det er ingen tvil om at spelet er vakkert. Dei store områda strekkjer seg utover, og ein kan praktisk talt sjå alle moglegheitene terrenget byr på. Du blir ikkje leia framover av godt definerte vegar. Du kan heller bruke auga dine for å finne din eigen veg, og akkurat det kan bli veldig moro. Du skal ikkje sjå vekk frå at du vil utføre nokre ville hopp sjølv, når Prince of Persia hamnar i butikkhyllene seinare i år.

Siste fra forsiden