Anmeldelse

Prince of Persia

Fortryllande akrobatikk

Ein ny prins kastar seg ut i eit fengslande eventyr der du er fri til å gjere det du vil.

1: First page
2: New page

Lysets krefter

Lyskulene har ein viktig funksjon. Du må samle nok av dei for å kunne låse opp nye krefter for Elika. Om du ikkje skulle vere for glad i denne innsamlinga, treng du ikkje samle alle, og du vil ende opp med dei du treng utan for mykje jobbing. Kreftene Elika får frå kulene er ikkje noko du har direkte kontroll over, men dei er likevel svært viktige. Ei nye kraft vil la Elika og prinsen bruke nye «plater». Desse platene lar deg hoppe gjennom lufta, fly, eller klatre langs som edderkoppar langs veggar, og er svært viktige for å nå kvart område sin store fiende.

Det er ikkje ofte du må ut i kamp, og dei kan vere over ganske fort. Du møter fire forskjellige «sjefar» i løpet av spelet, samt nokre mørke beist som kan dukke opp på vilkårlige område.

Kampsystemet er eit langt steg vekk frå kva vi har sett i dei tidlegare Prince of Persia-spela frå Ubisoft. I staden for å satse på raske og intense kampar, har utviklarane valt å byggje opp eit meir taktisk kampsystem. Det heile handlar om å lese fienden, og slå til når du ser ei opning. Du har tre forskjellige angrep, eit med sverdet, eit med prinsen sin hanske, og eit med Elika. I tillegg kan prinsen hoppe på fienden, noko som kan kombinerast med dei forskjellige angrepa.

Det er eit veldig naturleg og enkelt kampsystem som let deg gjere nokre fantastiske angrep utan å måtte vere alt for presis. Når du først får inn eit angrep, kan du lett lenkje det saman med fleire. Diverre er kampane likevel eit av spelets negative sider. Når fienden angrip, er det ikkje alltid mogleg å gjere noko. Du blir til dømes fortalt kva knappar du må trykkje på for å kome deg ut av ein situasjon, men av og til har du så dårleg tid på deg til å trykkje, at du knapt får med deg kva du må gjere før det er for seint. Som med resten av spelet kan du ikkje døy, men om Elika må redde deg, vil fienden få tilbake helse. Mengda med helse han får tilbake kan vere enorm, og dette blir temmeleg irriterande.

Mykje av det same

Prince of Persia blir tidvis plaga av eit problem som prega fjorårets store Ubisoft-spel Assassin's Creed: Du kan ende opp med ei kjensle av å gjere det same heile tida. Du reiser alltid til eit nytt og mørkt område, klatrar langs veggar og hoppar mellom søyler, berre for å måtte plukke kuler når du har gjort jobben din.

Kor mykje du vil setje pris på Prince of Persia, vil i stor grad kome an på kor glad du er i å utforske. Prince of Persia byr på mykje betre variasjon i områda enn kva Assassin's Creed på noko punkt gjorde, og sjølv om alle områda i stor grad deler det same visuelle uttrykket, vil du heile tida møte nye utfordringar. Brettdesignet er veldig bra, og du vil heile tida finne nye vegar å gå.

Å utforske eit område på jakt etter kuler kan lett bli eit eventyr i seg sjølv. Spelet er vanvittig vakkert, og byr på ein veldig spanande variant av Cell-shading. I motsetning til dei fleste andre spel som brukar denne teknikken, får vi ikkje sparsamt teksturerte modellar. Prinsen og Elika er veldig detaljerte, med nydelege teksturar som verkeleg frå fram dei intrikate mønstra i kleda deira. Det einaste som avslører Cell-shading er omrisset rundt figurane, og skuggane. I staden for å sjå ut som ein typisk teiknefilm, minnar det meir om detaljerte måleri.

Når du plasserer desse to personane i ei vakker og enorm verd, har du eit spel som verkeleg slår mot deg. Det finnest ingen grenser for kor langt du kan sjå. Står du på riktig punkt, kan du sjå alt eit område har å by på. Du ser heilt ned til elvene og havet langt under deg, du ser den klåre himmelen, og du ser dei mørke områda i det fjerne som du enno ikkje har vitja. Det gir ei kjensle av omfang som verkeleg er med på å dra deg inn i verda.

Vakker musikk

Det heile blir løfta enda nokre hakk gjennom stemningsfull musikk som får fram den arabiske stemninga. Den forandrar seg ofte i takt med kva som skjer, og den kler den visuelle stilen perfekt. Det einaste som verkeleg skil seg ut, er skodespelet. I eit litt sært trekk har Ubisoft valt å bruke skodespelarar som snakkar ein svært tydeleg amerikansk versjon av engelsk. Skodespelaren som gir stemma til prinsen, er faktisk den same som gir stemma til Nathan Drake frå Uncharted, og det blir litt rart.

Umiddelbart er det vanskeleg å ikkje tenkje seg kor mykje betre det hadde blitt om skodespelarane hadde snakka som om dei faktisk kom frå denne delen av verda, men det blir betre med tid. Skodespelet er bra utført, og får fram kven prinsen og Elika eigentleg er. Gjennom spelet utviklar forholdet deira seg, og dialogen demonstrerer dette veldig godt. Du vel samtidig sjølv kor mykje av snakket deira du vil ha med deg. Om du berre vil klatre og utforske, kan du gjere det, men om du vil kome nærare inn på kven dei er, kan du trykke inn ein knapp for å starte ei kort samtale.

Konklusjon

Prince of Persia er eit svært vellukka og tiltrekkjande spel. Det er vakkert og engasjerande, og vågar samtidig å gå nokre nye vegar. Du blir heile tida oppmoda om å utforske og å ta nokre sjansar, og det faktum at du aldri kan døy, og aldri blir straffa for feil, fører til at du aldri gir opp. Det er ingenting i spelet som er umogleg, og om du ikkje får noko til på første forsøk, går det alltid på det andre eller det tredje.

Det kan bli litt mykje av det same i periodar, og kampsystemet kunne nok hatt seg ein ekstra finpuss, men heilskapleg sett er det veldig lite å utsetje på den nye prinsen. Han er både humoristisk og alvorleg om kvarandre, og sjølv om du kanskje ikkje vil innrømme det, vil du nok kjenne deg igjen i mange av dei «dumme» tinga han seier. Dette er kort og godt ein svært bra start på ein ny serie.

Prince of Persia er i salg for Xbox 360 og Playstation 3. PC-utgåva kjem i butikk torsdag 11. desember.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden