Anmeldelse

Prince of Persia

Fortryllande akrobatikk

Ein ny prins kastar seg ut i eit fengslande eventyr der du er fri til å gjere det du vil.

1: First page
2: New page

Prince of Persia-serien har sett mange utgåver opp gjennom åra, frå starten som eit sideskrollande plattformspel med grensesprengjande animasjon. Ubisoft lanserte sin Prince of Persia-trilogi for nokre år sidan, men no er det ein heilt anna prins som skal til pers. I ei ny verd, med nye utfordringar, og ein ny grafisk stil, er det mykje som er likt, men og veldig mykje som er nytt.

Akrobatikk og kamp

Vis større

Trailer: Prince of Persia #2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • prince of persia
  • plattform
  • _editorialselect


Vi møter helten vår medan han vandrar gjennom ein sandstorm på leiting etter eselet sitt. Dette er eigentleg ingen prins, det er ein simpel tjuv og ein eventyrar, og han vil ha tilbake skattane eselet ber på. Det som venter han er noko heilt anna enn det han var på jakt etter. Han støyter på den vakre kvinna Elika, som blir jaga av krigarar. Lagnaden er som kjent vanskeleg å gjere noko med, og brått er han blanda inn i ei konflikt der ein vond Gud, og eit dystert mørke er er i ferd med å kvele landet.

Fruktbare grunnar

Saman med Elika må prinsen reinse landet frå mørket, og dette må dei gjere ved å nå dei forskjellige fruktbare grunnane som ligg pent dandert rundt omkring. I kjend Prince of Persia-stil er ikkje dette noko dei kan oppnå berre ved å spasere inn. I rolla som prinsen må du springe langs veggar, hoppe frå søyler, og i tillegg gjere nokre halsbrekkande hopp gjennom lufta.

Det som raskt blir tydeleg er at dette er eit spel som legg stor vekt på fri utforsking. Du står fritt til å gå til dei områda du vil, og det finnest ingen låste vegar. Du kan kome deg frå den eine enden av landet til det andre utan stopp, og dei einaste gongane du ser ein lasteskjerm, er om du vel å bruke Elika si evne til å teleportere.

Dynamikken blir tydeleg heilt frå dei første hoppa du gjer. Prinsen gjer det meste sjølv, og di største oppgåve blir å time hoppa hans riktig. Når du kastar deg mot ein vegg, vil han springe sjølv, og tekstureringa viser kor langt han kan springe, og når du må trykkje på hoppeknappen. Medan du er i gang med akrobatiske krumspring treng du så godt som aldri å leie prinsen ved hjelp av analogstikka.

Dette gir spelet eit tidvis høgt tempo. Di største oppgåve blir å halde auga på skjermen, og sjå moglegheitene der dei er. Ved å gi deg hen til systemet, og berre la prinsen gjere sitt, og trykke på dei riktige knappane til rett tid, vil du kunne gjere nokre vanvittige løp langs fjellveggar, kaste deg mellom søyler, og til og med klatre langs tak.

Vanskeleg omstilling

Det er først når dette systemet verkeleg sit godt i henda at spelet viser seg som den perla det er. I byrjinga er det vanskeleg å bli vand med det, og ein prøvar instinktivt å føre prinsen i riktig retning. Dette sender ofte prinsen ut i håplause fall mot bakken. Når prinsen kastar seg mot ei søyle, vil han til dømes automatisk slenge seg rundt den, klar for hoppet mot neste søyle. Om du er for ivrig med analogstikka, kan du raskt ende opp med å vinkle han feil, og du endar opp med å måtte prøve på ny.

Alt håp er likevel ikkje ute om du skulle falle, du kan nemlig ikkje døy. Kvar gong du fell, vil Elika strekkje ut si hjelpande hand, og løfte deg tilbake til den siste trygge avsatsen du stod på. Spelet stoggar aldri opp, og du må aldri tenkje på om spelet er lagra. Spelet får ein nydeleg flyt av dette, og det lar deg ta det med ro, og heller prøve å finne ut kva som er den beste vegen. Sidan du aldri blir straffa om du gjer feil, blir du oppmoda om å gjere det gjennom prøving og feiling.

Alt heng saman med korleis spelet handlar om å la deg utforske dei forskjellige områda. Dei er enorme i storleik, og dei byr på eit hav av moglegheiter. Når du først vitjar eit område, vil det vere mørkt og dystert, men når du finn eit områdes fruktbare grunn, vil dette endre seg fullstendig. Frå å vere mørkt og fiendtleg, vil verda bli lys og vakker. Det heile skjer gjennom ein imponerande sekvens der du får sjå korleis gras og sommarfuglar tek over det som ein gong var dekt i tunge skuggar og ei mørk og giftig gjørme.

Etter at dette er gjort, vil mange lyskuler dukke opp i verda, og du står no fritt til å utforske eit område på jakt etter desse. Å samle inn desse kulene er direkte hypnotisk, og kan minne om korleis ein blir vill etter å samle kuler i Crackdown. Forskjellen er at dette er eit veldig fredeleg spel, der du ikkje møter ei einaste fare medan du gjer det. Du jaktar på kuler i trygge område der ingenting anna enn dine eigne feil kan sende deg mot bakken.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden