Priskutt for 3DS

Dårleg sal krev drastiske inngrep.

Med Wii og DS såg det ei stund ut til at Nintendo ikkje kunne tråkke feil. Dei selde millionar av maskiner, millionar av spel, og naturlegvis enda dei opp med millionar på millionar i inntekter. Dette sette dei sjølvsagt i ein litt utfordrande posisjon då dei skulle ta steget vidare. Vi snakkar ofte om det å hoppe etter Wirkola, men kva om du er Wirkola? Kva skal du då gjere?

Lage ein ny DS med litt betre grafikk, nettløysing og ein snasen liten skjerm som kan vise bilete i 3D utan briller, om vi skal tru Nintendo. Sjølv om maskinvaren skulle vere bra betyr derimot ikkje dette stort om folk ikkje har noko å bruke den på, og det er vel dette som har vore Nintendo sitt største problem etter 3DS-lanseringa tidlegare i år.

Den beste grunnen til å skaffe ein 3DS?

I følgje VG247 har Nintendo no kunngjort at prisen på 3DS blir kraftige kutta. Sannsynlegvis er dette eit resultat av heller labre salstal for den nye maskina. Nintendo har så langt ikkje greidd å nå millionen, og har berre selt rundt 700.000 eksemplar. På spelfronten er tala på si side ganske solide. Heile 4,53 millionar spel har blitt selt sidan lansering, noko som vil seie at kvar 3DS-eigar har i gjennomsnitt kjøpt fem spel.

Meirsal er uansett ikkje nok om ingen har maskina, og difor har Nintendo bestemt seg for å kome med ein litt meir freistande pris. 12. august går prisen i USA ned frå 249 dollar til 169,99 dollar, og den Australske prisen går frå 349,99 til 249,99 australske dollar. Kva den nye prisen i Noreg og Europa elles vil bli har ikkje blitt kunngjort, men Nintendo lovar at prisen vil sjå ein solid reduksjon her òg.

Er det eit priskutt som skal til for å få blest om den vesle 3D-maskina, eller er toget gått allereie?

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden