Priskutt for PlayStation 3

Dei fleste er einige om at PlayStation 3 er i dyraste laget, og no har Sony kunngjort det alle har venta på. I ei pressemelding frå SCEA (Sony Computer Entertainment America), fortel dei at prisen på maskina vil bli kutta med hundre dollar. Maskina går med det ned frå 599 dollar, til 499 dollar. Priskuttet trer i kraft med umiddelbar virkning, men er kun annonsert for USA.

I USA har dei hatt to modellar av PlayStation 3. Ein med 20 GB harddisk, og ein med 60 GB harddisk. Det er 60GB-modellen som no går ned i pris. Samtidig med priskuttet lanserar Sony ein ny PlayStation 3-modell med 80 GB harddisk. Denne modellen vil kome saman med ein kopi av Motorstorm. Denne pakka vil koste 599 dollar, det same som 60GB-modellen har kosta til no.

– Introduksjonen av 80GB-modellen, den nye prisen for 60GB-modellen, meir enn 100 nye titlar dette finansåret, og dei utvida tenestene for PlayStation Network, vil gi brukarane enda fleire val enn før. Samtidig vil det bringe fleire kundar til PlayStation 3, fortel Jack Tretton, president for SCEA.

Verken priskutt eller 80GB-modellen har blitt annonsert for Europa, men vi forventar ei kunngjering på torsdag. Eit priskutt på hundre dollar i USA, tilsvarar tusen norske kr. Om vi får eit priskutt her til lands, kan vi med andre ord etter alt sannsyn rekne med at maskina går ned til 5000 kr.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen