Anmeldelse

Professor Layton & The Curious Village

Gåter har du sett før. Dei dukkar opp i forskjellige hobbyhefte, og små seksjonar i varierte aviser temmeleg kontinuerleg, men du har garantert ikkje sett dei i ei så søt innpakning som Professor Leyton & The Curious Village. I dette spelet møter vi Professor Layton og assistenten hans Luke. Dei reiser til den snodige byen St. Mystere, der Leyton skal hjelpe ei herskapeleg kvinne med å løyse eit problem.

Ting går sjølvsagt ikkje etter planen, og etter kort tid står Layton og Luke ovanfor fleire merkelege hendingar. Først dør ein baron under mystiske omstende. Deretter forsvinn ein tenar for brått å dukke opp igjen frisk som ein laks hoppande oppover eit dramatisk fossefall. Om ikkje det skulle vere nok, kjem det skumle lydar frå det enorme tårnet i byen.

Hemningslaus sjarmoffensiv

Det er svært lite med Professor Layton & The Curious Village som fortel deg at dette er eit spel frå ein prominent utviklar av japanske rollespel. Den visuelle stilen som hoppar mot deg, og gir deg ein god og varm klem, minnar mest om eldre europeiske teikneseriar. I tillegg er spelet krydra med små animerte filmsekvensar her og der, som berre forsterkar den gamle og tradisjonell stilen. Det er handteikna og bakgrunnane ser ut som små måleri, og dette gir unekteleg mykje liv til St. Mystere.

I tillegg er det alle dei snodige personane i byen. Dei er alle heilt unike, sjølv om dei har ein ting felles: Heile byen er forelska i gåter av alle tenkjelege slag. Di store oppgåve i spelet er å løyse desse gåtene. Alle innbyggjarane i byen har gåter til deg, og etter kvart som historia går framover, og du har løyst problema innbyggjarane kjem med, kjem dei berre med nye gåter. I korte trekk er det dette spelet handlar om. Det er ei samling med gåter pakka inn i ei sjarmerande historie, og ein vakker visuell stil.

Ved første augekast ser Professor Layton & The Curious Village ut som eit tradisjonelt peik-og-klikk-eventyr på DS, men dette er eigentleg langt frå sanninga. Greitt nok, du får til ei kvar tid sjå eit bilete av ein bydel, og du går gjennom den ved å trykkje på skjermen, men det er svært lite her du faktisk kan gjere for å drive historia vidare. Du har til dømes ingen problem du må løyse ved å finne ein gjenstand for så å kombinere den med noko anna.

Historia går sin gang uavhengig av kva du gjer, så snart du har snakka med alle personane du skal snakke med, er kapittelet over, og du går vidare til neste kapittel. Dette er ein måte å fortelje historia på som gjer det enkelt å kome seg vidare i spelet, sjølv om du ikkje skulle klare gåtene.

Eit gåtefullt folkeslag

I eit typisk døme på korleis Professor Layton & The Curious Village utspelar seg, ser du eit bilete av ein del av byen. I dette biletet ser du kanskje ein veg, eit hus, nokre dører, nokre piper, og kanskje ein person eller to. Trykkjer du på ein person innleiar du ei samtale, og nesten i alle tilfelle vil personen fortelje deg om ei gåte han eller ho ikkje har greidd å finne svaret på enno. Naturleg nok får den supersmarte Professor Layton sjansen til å bryne seg, og såleis endar du opp med å få bybiletet bytta ut med ei gåte der du enten må teikne på skjermen, trekkje trådar mellom punkt, eller skrive inn eit svar, for å nemne noko.

Det heile er frykteleg enkelt, men det er dette som gjer spelet så genialt. I staden for å gi deg eit hefte med to eller tre gåter på kvar side, får du vandre rundt i ein by og løyse dei etter kvart som du finn dei, samtidig som du har eitt eller fleire overhegnande mysterium å feste tankane på.

Gåtene kjem i alle former og fasongar, og manualen vier ei side til hjernen bak gåtene, den 82 år gamle nøtteknekkjaren Akira Tago. Du skal vere bra smart om du greier å kome opp med alle desse gåtene aleine, men han kan nok ikkje ta all æra. Sjølv om det garantert er mange gåter her du aldri har sett før, vil du òg finne mange kjende. Til dømes kan du bryne deg på korleis du skal få tre kyllingar og tre ulvar over ei elv, eller du kan finne ut kven som er den beste frisøren i ein by.

Større utfordringar finn du kanskje når du på eit kart skal finne den beste ruta å gå, eller når du må finne ut alderen på folk ved å vite at den og den personen var dobbelt så gammal som den andre for så og så mange år sidan. Det beste med gåtene er at dei er veldig varierte, og kjem i alle tenkjelege former. Du har alt frå visuelle oppgåver der du må sjå ting i eit bilete, til oppgåver der du verkeleg må tenkje matematisk og smart. Nokre folk er kanskje gode med tal og bokstavar, medan dei er heilt ubrukelege på visuelle oppgåver. Til dømes fann eg ut ganske kjapt at det er dei visuelle oppgåvene som gav meg minst bry.

Myntesamling

Om du skulle kome til det punktet at du verkeleg står fast, er likevel ikkje alt håp ute. Du kan velje å ignorere ei gåte om du ikkje får den til, men det kan vere betre å bruke nokre myntar som let deg låse opp forskjellige hint, der kvart hint kostar ein mynt. Dess myntane bør likevel ikkje brukast for flittig, for du har ikkje endelause mengder av dei. Kor mange du har kjem eigentleg an på kor flink du er til å leite deg gjennom dei forskjellige bileta du brukar for å navigerere deg gjennom byen. Ved å trykkje på eit skilt, eit vindauge, eller andre ting i området som vekkjer litt interesse, kan du finne ein mynt.

Du kan sjølvsagt ta ein sjanse, og berre gjette deg fram til svaret. Det verste som skjer om du svarar feil, er at du mistar nokre poeng. Kvar gåte gir deg ein poengsum når du løyser den, og generelt sett får du fleire poeng for vanskelege oppgåver. Svarar du feil mistar går poengsummen du kan vinne ned, men du mistar berre poeng om du svarar feil to gangar. Etter det kan du svare feil så mykje du vil utan at det betyr noko som helst.

Dette er faktisk svært heldig for spelet sin del, for visse oppgåver kan bli vanskelege sjølv om du veit svaret. Professor Layton & The Curious Village nyttar tidvis eit ganske tungt språk. For å seie det slik, du skal ha eit temmeleg velutvikla engelsk ordforråd til tider, og ikkje berre på daglegdagse ting. Gamle gjenstandar som eg berre brukte på grunnskulen er til dømes ikkje det som ligg lengst framme i ordforrådet mitt. Dette er sjølvsagt noko vi ikkje kan klandre nokon for, men det er litt synd sidan det tidvis vil gjere spelet ganske utilgjengeleg for yngre spelarar som garantert vil ha mykje glede av spelet.

For det meste blir likevel ikkje ukjende engelske ord noko problem, sidan dei fleste oppgåvene ikkje krev ord som svar. Det er så god variasjon i gåtene du blir sat ovanfor, at sjølv om du ein og anna gong skulle stå fast, vil du alltid finne noko du løyser på få sekund. Noko som gir deg eit veldig behageleg sjølvtillitsløft.

Konklusjon

Gåteløysning blir ikkje stort betre enn dette. Du får tallause gåter på rekkje og rad, og samelege gjer deg fast bestemt på at du skal finne svaret. Alt anna er under deg, og det kan vi ikkje ha noko av. Det geniale med Professor Layton & The Curious Village er kor smart heile spelet er sett saman. Du vandrar rundt i ein sjarmerande liten by, får ta del i nokre underlege mysterium, og samtidig kastar kvar einaste innbyggjar ei ny gåte mot deg.

Det er slikt som gjer det veldig lett å berre spele litt til, for å sjå kva neste gåte blir. Det er samtidig eit spel som fungerer veldig lett i små doser, og spesielt då med tanke på kor stolt ein blir berre ved å ha fått til noko så minimalt som å løyse ei litt vanskeleg gåte.

Vurdering


Professor Layton and the Curious Village DS DS 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 7. november 2008
  • Plattform: Nintendo DS
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Level-5

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen