Project Cars lar deg justere grafikken på konsoll

Og det stadig utsette spelet har fått ny lanseringsdato.

Slightly Mad Studios

Etter ei rekke utsetjingar ser det no ut til at det lovande racingspelet Project Cars omsider har fått nagla fast ein lanserigsdato. Dei som har venta på spelet har jamt og trutt blitt møtt av nye utsetjingar, men no fortel Eurogamer at utviklarane hos Slightly Mad Studios har stadfesta at spelet vil bli lansert 8. mai på PC, PlayStation 4 og Xbox One. Wii U-versjonen har det som vanleg ikkje blitt sagt noko om.

Hos Eurogamer kan vi òg lese at Project Cars vil by på moglegheiter som bryt grenser for kva som plar vere mogleg på konsoll. Konsollversjonane let deg ikkje justere på teksturkvalitet og oppløysing, men du vil få fleire moglegheiter for å skreddarsy opplevinga di.

Slå av grafiske effekter

Du vil sjølv kunne bestemme kor mykje av dette lyset du vil sjå.

Grafikkinnstillingane ser ikkje ut til å bli like omfattande som dei vi finn i PC-spel, men du vil blant anna kunne justere visuelle effekter som etterbehandlingsfilter, bloom, diverse lyseffekter og synsfeltet.

Det vitast ikkje om justering av desse instillingane vil ha verknad på ytinga. I alle høve er slike valmoglegheiter sjeldan kost i konsollverda, og det gjenstår å sjå om andre utviklarar vil følgje etter.

Project CARS er eit ambisiøst og folkefinansiert racingspel som vil la deg velje din eigen veg gjennom spelet. I byrjinga held du deg kanskje til mindre typar køyrety, før du seinare hukar tak i langt meir imponerande doningar. Vi blir lova ei stor og omfattande verd å køyre rundt i, samt den største samlinga med bilar i eit bilspel nokon sinne.

Det finnest mange solide racingspel på marknaden for tida. Blant dei finn vi The Crew og Forza Horizon 2. Sistnemnde fekk nyleg eit tillegg basert på den siste Fast & Furious-filmen. I januar blei eit nytt spel i Forza Motorsport-serien kunngjort.

Siste fra forsiden