Sniktitt

Project: Snowblind

Det siste leddet i futuristisk krigføring er signert Crystal dynamics og Eidos, og du verda så lovande det ser ut.

Project: Snowblind starta karriera si som Deus Ex: Clan Wars, men sjølv om det fortsatt er ein del likheiter med Deus Ex, har Project: Snowblind det som skal til for å stå på eigne bein. Som løytnant Nathan Frost befinn du deg i år 2065, og har ei rekke våpen og kybernetiske implantat å benytte deg av. Samtidig vil du på mange brett ha ein gjeng med soldatar med på di side, og til motsetning frå alt for mange spel gir desse inntrykket av å ha ein solid nytteverdi.

Ei av dei svært positive sidene til Project: Snowblind, er den intense følelsen av at du er der. Trass i at dette er ein tidleg kode, var det ofte svært lett å leve seg inn i verda rundt deg. Kva anna kan ein forvente når fiendane stormar mot deg, eit helikopter fell ned mellom bygningane, og kameratane dine fell som fluer? I tillegg gjer ein god kunstig intelligens mostanden i spelet noko ein bør respektere. Fiendane dine vil springe til beste posisjon, bruke stasjonære våpen om dei er tilgjengelege, og samle seg i grupper for å ta deg lettare. Det same gjeld også allierte soldatar, og ved å halde seg i lag med dei, blir det mykje lettare å få til eit gitt oppdrag. På brett der du er i saman med eit lag når du ikkje særleg langt om du spring av gårde på eigahand.

God variasjon
Dei bretta vi har fått spele gjennom vitnar om stor variasjon i sjølve oppbygginga av oppdrag. Nokre gongar står du heilt aleine og må kome deg inn i ein bygning utan å vekke for mykje oppsikt, andre gongar er det fulle frontalangrep der du er omgitt av fiendar og allierte på alle kantar. Akkurat dette kan sjå ut til å bli ei av dei sterkaste sidene til Project: Snowblind. Så langt denne versjonen tok oss, fekk spelet aldri tid til å bli einsformig. Det er god variasjon både i vanskelegheitsgrad, og mellom oppdrag. Noko som gjer ein god jobb i å halde på entusiasmen som dukkar opp allereie frå første brett. Det dukkar av og til opp merkelege hendelsar som vitnar om at spelet ikkje er heilt balansert enda, men dette er forhåpentlegvis noko som blir justert før spelet er i hyllene.

Crystal Dynamics er ikkje dei første som tar i bruk futuristiske våpen og kybernetiske krefter, men i motsetning til ein del andre spel, følest dei her meir som ein viktig del av spelet enn som eit "kult" tillegg for å få folk til å kjøpe produktet (les: GoldenEye: Rogue Agent). I visse område er du nødt til å sakke ned tida for å kunne overleve, og å ta fram skjoldet er kanskje det einaste som reddar deg frå ein sikker død andre stadar. Felles for dei forskjellige kreftene er at dei trekker kraft frå deg, og vil slå seg av etter ei stund. Akkurat derfor er det viktig å ikkje bruke kreftene utan mål og meining, noko som kan slå hardt tilbake på deg sjølv når du møter fiendar.

Tøffe våpen Project: Snowblind har eit ganske imponerande arsenal med våpen, og i motsetning til spel som til dømes Halo, kan du bere alle våpen du finn på brettet. Den einaste haka med akkurat dette er at det kanskje er litt tungvindt å skifte mellom så mange våpen. Er du i kamp og vil ha fram eit spesielt våpen må du trykke opp eller ned på D-paden gjentatte gongar, noko som stel verdifull tid. I tillegg må du bruke den svarte knappen for å kaste granatar, og dette gjer det svært vanskeleg å kaste granatar nokon anna stad enn rett fram. Alle våpen har både primær-angrep, og sekundær-angrep. Forskjellen på desse er at primærangrepet gjerne er svakare, men raskare, enn sekundærangrepet. Til dømes kan du med ei halge skyte granatar med sekundærangrepet.

Eit av dei kanskje mest interessante "våpena" i spelet gir faktisk ikkje fysisk skade i det heile tatt. Icepick er ein hendig liten pistol som lar deg skyte ei nål inn i diverse elektriske system for å ta dei over. Om det så er kamera, stasjonere kanonar eller robotar som spring rundt i helane dine, kan hendig bruk av ein Icepick snu stygge situasjonar i din retning. Eit anna praktisk våpen er Kicker. Dette "våpenet" lar deg ta tak i objekt for å flytte på dei. Sjå for deg at ei stor kasse står i vegen for deg, men ved hjelp av Kicker kan du enkelt flytte på den. Dette verktøyet kan også brukast til å hente ammunisjon og utstyr som ligg utanfor rekkevidda di.

Project: Snowblind er på veg til Xbox, PlayStation 2 og PC, og grafikken ber litt preg av dette. Det er absolutt ikkje ein av dei mest grafisk inpomerande titlane på marknaden, men det må presiserast at den Xbox-versjonen vi har fått på ingen måte er ferdig, og det er manglar både ved grafikk og lyd. Inntrykket vi sit med så langt er først og fremst at det er eit uvanleg fargerikt spel. Det er mykje meir fargar og lys enn kva ein gjerne er vand med frå slike spel. Du får raskt følelsen av å vere sendt inn i framtida, der overdådige neon-belyste gater og trange sidevegar dominerar biletet.

Konklusjon
Project: Snowblind minnar på mange måtar om Deus Ex: Invisible War med sine mange tekniske finurligheiter. Du får eit stort utval av våpen og utstyr, og dette er kanskje noko av det som bringer fram den største bekymringa. Det blir veldig mange våpen etter kvart, og det er ikkje lett å velje fram akkurat det våpenet du er på jakt etter. Som eit resultat endar du gjerne opp med nokre få våpen du brukar ofte. Bortsett frå det ser Project: Snowblind absolutt lovande ut, og kan nok by på mykje moro når det blir lansert tidleg i vår. Spelet vil også støtte omfattande online-modusar for opp til seksten spelarar, noko som absolutt er eit smart trekk for dette spelet.

Siste fra forsiden