Anmeldelse

Project: Snowblind

Livet er kort for Nathan Frost. Eit fantastisk eksempel på ein mann som ikkje etterlet nokon tilbake, ei krigsmaskin på to bein. Synd at det skulle gå som det gikk. Brått er du ikkje heilt sikker på kvar du er, du ser beina dine slenge fram og tilbake medan to menn snakkar over hovudet ditt. Det ser ut som om du bevegar deg raskt gjennom forskjellige korridorar, men for å vere heilt ærleg, kva er det som foregår? I fråvær av betre ting å ta seg til snakkar du med deg sjølv, mimrar litt om det som var, før du brått vaknar. Du ser ingenting, men du høyrer lyden av ein brytar, og brått er alt veldig klart.

Det er sikkert mange som har prøvd å vekke dei døde til live igjen, og om vi skal sjå situasjonen av utifrå Project: Snowblind, er nok nanoteknologi vegen å gå. Frå å vere eit lik på slagmarka, er løytnat Nathan Frost no meir enn eit menneske. Han er ei maskin, eit overmenneske. Hitler hadde vore frå seg av lykke. Synd for Hitler, for Nathan Frost er ein mann som står på riktig side av dei etiske grenser, og hadde heller retta eit pistolløp mot tinningen på den tyske diktatoren, og trekt av utan å blunke.

Kven kan redde verda?
Vi befinn oss i Asia, og ein sinnssjuk mann med tilsynelatande fleire likheitstrekk med Hitler, har planar om å kortslutte all elektrisitet i dei største byane i verda. Resultatet av dette er naturleg nok katastrofe. Eit eksempel på kva som kan skje, kan vi hente frå USA der folk gikk berserk ved eit straumbrot. Kriminaliteten har vel aldri vore av eit så pass stort omfang. Resultatet av det vi snakkar om her, er større. Her er det snakk om å sende folk tilbake til steinalderen kva livsvilkår angår, og kven er det som overlever slikt? Dei sterkaste.

Historia minnar kanskje om ei typisk "gal mann skal øydelegge verda, og kun du kan stoppe han", for det er akkurat det den er. Samtidig er spelet eit ypperleg eksempel på at god forteljarteknikk kan løfte ei historie betrakteleg. Her er det ikkje snakk om å gjere oppdrag etter tur, du er ikkje på ein ny stad for kvart brett. Eit brett er gjerne enormt, og du har mange forskjellige mål innanfor kvart område. Samtidig er spelet delt opp med historieskevensar som dukkar opp med jamne mellomrom for å drive deg vidare. Ein sekvens bringer deg kanskje til eit område, og sender deg midt inn i ei intens kampsone. Etter kvart som du bevegar deg inn i området og utfører det du skal, vil du til slutt ende opp inne i ein bygning, og spelet skiftar frå eit heilspent actionspel, til eit taktisk spel der du må tenke litt før du fyrer av.


I slike situasjonar har du fleire ting å tenke på, og poenget med dei forskjellige våpena du har blir etter kvart tydeleg. Inne i bygningar hyler alarmen så snart du stormar på, noko som set forsvarsmekanikkane i sving, og stasjonære våpen går amok ved synet av deg. Slike våpen er det mange av inne i fiendtleg område og korleis du vil handtere dei er til ei viss grad opp til deg. Enten kan du skyte dei i stykker, eller du kan bruke eit hendig instrument (Icepick) til å hacke deg inn i stystemet for enten å slå dei av, eller ta kontroll over dei sjølv, slik at du kan bruke dei mot fienden. Icepick er eit veldig hendig verktøy du får bruk for ofte, men kun der utviklarane har bestemt at det er mogleg. Det er lett å merke at du kun har to eller tre forskjellige måtar å gjere ting på.

Til dømes finn vi feller rundt omkring som går av om du kryssar ein laserstråle. Nokre stadar kan du gå forbi desse ved å klatre rundt dei, noko som sørger for at du ikkje utløyser alarmen. Alternativt kan du bruke eit verktøy ved namn kicker for å "skyte" kassar mot dei, slik at dei dei går av medan du er utanfor rekkevidde for eksplosjonane dei forårsakar. Eit siste alternativ er å bruke Icepick for å slå dei av. Du finn som regel ein sikkerheitsboks i nærheita av alle slike feller, noko som eigentleg gir ein følelse av at dei som står bak desse bygningane du skal infiltrere ikkje akkurat tenker veldig langt.

Project: Snowblind Xbox

Project: Snowblind PS2

Project: Snowblind Xbox Xbox Windows PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 9. mars 2005
  • Plattform: Xbox
  • Utgiver: Eidos Interactive
  • Utvikler: Crystal Dynamics

Project: Snowblind PS2 PS2 Windows Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 9. mars 2005
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Eidos Interactive
  • Utvikler: Crystal Dynamics

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen