Anmeldelse

Project: Snowblind

Du har aldri blitt så gira i løpet av så få minutt, som når du blir kasta inn i ei krigssone, og brått finn ut at du er død.

Side 1
Side 2

Engasjerande framdrift Dette er eigentleg temmeleg uvesentleg for underhaldningsfaktoren Project: Snowblind byr på. Sjølv om det kun er eit lineært spel som byr på ein illusjon av friheit, er det lagt opp på ein fengande måte som held deg klistra til skjermen frå start til slutt. Du har eit imponerande utval av våpen, og ferdigheiter og anna småsnask, og det beste av alt er at omtrent alt blir brukt i løpet av spelet. Sjølve arsenalet er ikkje like gjennomført som i til dømes Halo, og du kan av og til gå deg litt vill i havet av alternative måtar å ta livet av fienden på. Generelt sett endar du stort sett opp med å bruke det våpenet du fekk tak i sist, sidan det blir mest effektivt. Eit våpen som er spesielt tøft er flachetten som sender ut partiklar som søker seg inn til nærmaste fiende, og hoppar vidare til neste når den første er død.

Som supersoldat har du ein del ferdigheiter veldig få andre kan skilte med. I spelet blir desse kalla "augmentations", og dei byr eigentleg ikkje på noko vi ikkje har sett før, men i motsetning til eit spel som GoldenEye: Rogue Agent, er dei faktisk veldig nyttige her. Du kan til dømes sakke ned tida, gjere deg usynleg, hente fram eit skjold, og sjå gjennom veggar. Alle er absolutt praktiske, og kva du vil bruke mest avhenger eigentleg av kva du foretrekker å gjere. Ein anna smart detalj er at du ikkje nødvendigvis er død når du går tom for helse. Om du har energi til det, kan du vekke deg sjølv til live igjen umiddelbart etter at du døde.

Særeigen stil Project: Snowblind kan ikkje beskuldast for å vere det penaste spelet i klassen. Modellane er til tider ganske primitive i si oppbygging, og teksturane er ofte blasse og utvaska. Det som trekk Project: Snowblind over normen er stilen, og den fantastiske fargebruken. Det er eit spesielt lys som ligg over heile spelet, og gir det ein sjarm du sjeldan ser. Du får verkeleg inntrykket av å vere i ein storby når du spring rundt i gatene med ei stridsvogn etter deg, og variasjonen i områda er flott. Du vil sjå alt frå neonlys i betongjungelen, til eldgamle asiatiske former. Det er svært godt gjennomført, og gir spelet eit særpreg andre grå og typiske skytespel ikkje kan skilte med.

Dessverre endar du ofte opp med å springe gjennom mange identiske gangar, og er av og til usikker på kva veg du eigentleg skal gå. Det kan tyde på at Crystal Dynamics har oppdaga dette sjølv, sidan du har ein radar oppe i venstre hjørne som alltid viser kvar du skal. I tillegg kan du hente fram ein radar som dukkar opp som ringar på skjermen. Desse ringane fortel deg kva retning du skal gå i, og kan vere ganske hjelpsom. Om du føler dette blir for enkelt, er du alltid fri til å slå den av.

Medan du spring rundt i ei krigssone er det sjølvsagt at du har ha litt passande musikk, og det er absolutt tilfelle her. Det er ikkje alltid du høyrer den over bråket frå eksplosjonar og krutt, men når det roar seg ned er det lett å la seg rive med. Musikken er enkelt og greit kul, det er nokre verkeleg sære rytmar her, men det er også tøffe melodiar som passar utmerka for eit action-spel av denne typen. Om ein slenger inn solide lydeffekter og stødig skodespel er det absolutt godkjent.

Konklusjon Ein revolusjon er det kanskje ikkje, men Project: Snowblind er eit kult spel som byr på nok underhaldning i dei timane det varar. Problemet er at det kunne ha vore så mykje meir. Du har eit hav av spennande konsept, men dei tar ikkje steget heilt ut. Du får aldri den friheita du trur du skal få. Du veit alltid kvar du skal gå, du veit alltid kva du må gjere, og det er aldri vanskeleg å finne ut kva du må gjere for å nå dit. Dette er eigentleg den store fallgropa til Project: Snowblind som uansett absolutt er eit solid stykke underhaldning. Det som først og fremst løftar Project: Snowblind, opp er måten du blir innlemma i spelet på. Det er eit høgt tempo som får adrenalinet til å koke, og når det brått er over, blir ein litt skuffa over at det var alt.

Merk: Project: Snowblind inneheld ein fleirspelar-del, men det har ikkje vore mogleg å teste denne på presseversjonen vi har fått tilsendt. Vi kjem tilbake med oppdaterte synspunkt når det lar seg gjere.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden