Project Sylpheed-demo på Xbox Live

Det er ikkje først og fremst kampar i rommet ein tenker på når ein høyrer namnet Square Enix, men det er akkurat det vi får frå den første eksklusive tittelen dei leverar til Xbox 360.

Skjermbilde frå Project Sylpheed
Skjermbilde frå Project Sylpheed

Project Sylpheed er utvikla av Game Arts som står bak blant anna den populære Grandia-serien, og er eit hektisk skytespel i rommet, der ei episk historie om kampen mellom godt og vondt er midtpunktet. Du vil finne deg sjølv i kampar med hundrevis av fiendtlege fly, i eit romskip du sjølv kan skru saman våpenarsenalet på.

No har ein demo landa på Xbox Live der du sjølv kan teste ut dine ferdigheiter. Demoen byr på ein forseggjort introduksjonsfilm som, og nokre treningsoppdrag som gir deg ei grei innføring i kva spelet har å by på. Du får òg ta del i eit fullt oppdrag ute i rommet blant stjerner og brennande romskip.

Project Sylpheed sleppast til Xbox 360 den 29. juni.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen