Prøv ein giljotin med Oculus Rift

VR-brillene byr på nok eit sprøtt eksperiment.

Det har vore gjort mange forsøk på å skape virtuelle verder før. På 90-talet blei det gjort spesielt mange forsøk der du tok på deg nokre briller, ein hanske eller to, og såleis skulle dukke opp ein heilt annan stad. Til og med Nintendo prøvde seg med mageplasket Virtual Boy.

Sjølv om mange har prøvd å få det til, er det ikkje før Kickstarter-finansierte Oculus Rift dukka opp at ting verkeleg har byrja å skje. Desse brillene kan plassere deg midt inne i eit spel og la deg sjå fritt rundt deg som om du verkeleg er der. Fleire og fleire utviklarar og amatørar kjem med Oculus Rift-støtte til spel og teknologidemoar, og brillene har så langt gjort det mogleg å både sjå seg rundt i verdsrommet, og sjå fritt rundt seg i ordinære skytespel.

Eit av dei mest bisarre forsøka er derimot Disunion, ein giljotinsimulator laga over to dagar av tre studentar under Exile Game Jam i Danmark.

I Disunion tar du på deg Oculus Rift-brillene, legg deg ned med henda på ryggen, og kan sjå øksebladet suse mot deg før hovudet ditt rullar og blikket flakkar tilsvarande. Studentane har lagt opp ein video som viser dei fascinerande reaksjonane til forsøkskaninane som utset seg sjølve for liksomdød.

Videoen kan du sjå nedanfor, og når det er gjort kan du ta ein kikk Audun sine erfaringar med dei nyskapande brillene.

Les også: Notch har sluppet et spill inspirert av taket sitt Les også: Virtuell virkelighet kommer til å forandre alt

Siste fra forsiden