Psychonauts tilbake til butikkhyllene

Double Fine har rotta seg saman med Nordic Games.

Kultklassikaren Psychonauts frå Monkey Island-veteranen Tim Schafer blei først lansert i 2005. Dei siste åra har plattformeventyret berre vore å få tak i digitalt. Sjølv om dette er godt nok for store delar av spelarbasen, er det framleis mange som helst vil eige eit fysisk produkt.

Dette ynskjet vil Double Fine no innfri. I ei pressemelding i dag kan vi lese at Double Fine har slått seg saman med Nordic Games for å gje ut ein butikkversjon av Psychonauts i Europa og Nord-Amerika i løpet av første halvdel av 2014.

Får tilbake spela sine

Halloween-rollespelet Costume Quest kjem snart til butikkhyllene.
Halloween-rollespelet Costume Quest kjem snart til butikkhyllene.

I tillegg til å gje ut Psychonauts vil Nordic Games samtidig dytte Double Fine-spela Costume Quest og Stacking ut i butikkhyllene. Dette blir første gong desse spela blir tilgjengelege i butikkhyllene. Rettane til spela snappa Nordic Games opp etter at THQ gjekk til grunne tidlegare i år. No har Double Fine og Nordic Games inngått ei avtale der alle rettane til desse spela går til Double Fine. Med det får Tim Schafer og co. full kontrol over spela dei har laga.

«Eg er svært glad for at vi no har fått alle rettane til Costume Quest og Stacking tilbake, etter eit topp hemmeleg midnattsraid i Nordic Games hovudkontor i Wien," fortel Double Fine-sjef Tim Schafer i pressemeldinga.

At Double Fine no har fått distribusjonsrettane for Costume Quest og Stacking tilbake skjer omlag eit halvt år etter at Tim Schafer først var ute og sa han gjerne ville ha rettane til desse spela tilbake.

Avtala mellom Double Fine og Nordic Games vil gjere dei tre spela tilgjengelege for Windows og Mac. Nøyaktig lanseringsdato er ikkje fastsett.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen