Rainbow Six Siege har fått dato

Gå til kamp mot terroristar i Ubisofts nye skytespel.

Ubisoft

Det har gått heile sju år sidan det førre spelet i Ubisofts Rainbow Six-serie, men til hausten er det duka for eit nytt spel i serien. I ei pressemelding avslører Ubisoft at Rainbow Six Siege vil lanserast på PlayStation 4, Xbox One og Windows 13. oktober.

Rainbow Six-serien har vore kjend for sitt taktiske gameplay, og Rainbow Six Siege vil ikkje vere noko unntak. Spelet er inspirert av ekte anti-terror-organisasjonar, og vil sende oss inn i det Ubisoft skildrar som dødelege konfrontasjonar på nært hald. Døme på dette er gisselsituasjonar der eit lag skal befri eit gissel, medan det andre laget skal forsvare sin noko usmaklege posisjon.

Fokus på fleirspelar

Denne fyren har nok ikkje heilt reint mel i posen.

Fokuset i Rainbow Six Siege ligg først og fremst på fleirspelarmodusen, og denne byr på på noko heilt nytt for serien. Gjennom det Ubisoft kallar Siege kan fiendane barrikadere seg i moderne festningar, medan Rainbow Six-laget prøvar å bryte seg inn.

Hovudgrunnen til at det har gått så mange år sidan det førre Rainbow Six-spelet er at Ubisoft i fleire år jobba med det no kansellerte spelet Rainbow Six: Patriots. Der òg låg fokuset på å få has på terroristar.

I fjor slapp EA Battlefield: Hardline som blei utvikla av Dead Space-studioet Visceral Games. Der òg var det kampen mellom lovas lange arm og dei lovlause som stod i sentrum. Spelet hadde sine stunder, men klarte likevel ikkje heilt å levere varene.

Siste fra forsiden