Rasane i Star Citizen kan få eigne språk

Folkefinansieringa til romeposet går framleis så det susar.

Star Citizen starta livet som eit lite indieprosjekt frå Chris Roberts, skaparen av den gamle Wing Commander-serien. Etter suksess på Kickstarter har innsamlinga berre gått oppover. I mars i år nådde folkefinansieringa for det komande romskipspelet svimlande 40 millionar dollar, godt over 240 millionar kroner.

Nokre få månader seinare har dei klatra opp til 48 millionar dollar, noko som tilsvarar nesten 300 millionar kroner. Spelet er allereie dyrare enn fleire storproduksjonar frå dei verkeleg store selskapa, og finansieringa viser ingen teikn til å stoppe med det første.

Kan få eigne språk

Ingenting som ein søndagstur i rommet.

For å freiste publikum til å kontinuerleg opne lommebøkene sine, har Chris Roberts stadig nye mål å by på. Det ferskaste målet dei nådde var ein reklamekampanje for eit av spelas romskip. Dette var tydelegvis nok til å tømme fleire lommebøker.

Neste mål blir av eit noko anna kaliber. På Roberts Space Industries-nettsidene fortel Chris Roberts at målet deira om og når dei når 50 millionar dollar vil bli eigne språk for spelets tre utanomjordiske artar; Vanduul, Xi'An og Banu.

I motsetning til mange andre spel der ulike artar snakkar eigne språk, vil ikkje Star Citizen by på ei samansetning av lydar og ulydar frå ulike kjelder. I staden vil utviklarane samarbeide med språkekspertar for å utvikle tre heilt nye og autentiske språk.

I andre nyhende skriv Roberts at teamet no jobbar hardt med å fikse tekniske problem med Arena Commander-modulen som blei lansert i juni. Denne modulen let deg prøvekøyre romskipa i spelet, men modulen har slite litt med latency og andre tekniske utfordringar. Roberts skriv derimot at teamet er godt på veg til å løyse desse utfordringane.

Siste fra forsiden