Rayman-utviklarar protesterer mot utsetjing

Det fell ikkje i god jord at plattformhelten let vente på seg.

I førre veke informerte Ubisoft oss om at det Wii U-eksklusive plattformspelet Rayman Legends var utsett til til september. Nokon spesifikk grunn kom dei ikkje med, men i og med at dei samtidig kunngjorde at spelet også dukkar opp til PlayStation 3 og Xbox 360 gjer det ikkje vanskeleg å tenkje seg fram til grunnen.

Naturleg nok har dette vekt reaksjonar. Ikkje berre blir Wii U-eigarane snytt for noko å kose seg med på tampen av vinteren, men utviklarane som har jobba på spreng for å få spelet ferdig til den opprinnelege datoen 28. februar har i dag demonstrert si misnøye med avgjersla til toppsjefane i Ubisoft-konsernet.

Eit desperat rop om hjelp.
Eit desperat rop om hjelp.

Eurogamer kan i kveld fortelje at Rayman-skapar Michel Ancel saman med teamet sitt har demonstrert mot utsetjinga på noko humoristisk vis. På ein banner der vi ser ein gråtande Rayman har dei skrive:

«Gi ut Rayman. Støtt Ubisoft Montpelier.»

Rayman Legends er ferdig utvikla til Wii U, og vil bli liggjande på is til alle versjonane av spelet skal lanserast i september. På fredag ytra ein av utviklarane si misnøye, og fortalde at teamet hadde jobba overtid over lengre tid for å få spelet ferdig til lansering:

«For oss betyr dette at vi har brukt seks månader der vi knapt har sett konene, borna og venene våre for ingenting. Det tidspresset vi jobba under var ikkje naudsynt. Tru meg, det var jævlig å svelgje desse nyhenda.»

Dei høge herrar i Ubisoft-leiinga har enno til gode å kommentere stuntet til Montpelier-studioet, men før helga lova dei at Wii U-eigarane skulle få ein ny demo å døyve ventetida med.

Rayman Legends kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360 og Wii U i september.

Les også: Anmeldelse: Rayman Origins
Les også: Rayman Legends-demo tilgjengelig nå

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen