Rebellion saksøker Stardock og Ironclad

Namnet på Sins of a Solar Empire-ekspansjonen fell ikkje i smak.

At ein utviklar saksøker ein annan er ikkje noko nytt innan spelindustrien. Som regel handlar det om forskjellige patentar som blir brukt og misbrukt. Nokre gongar går sinna i kok av heilt andre grunnar, som til dømes om noko så enkelt som eit namn. EA vann i 2010 eit søksmål frå Tim Langdell som meinte han eige ordet «Edge», og difor ikkje var særleg begeistra over spelet Mirror's Edge. Tidlegare i år rydda i tillegg Besthesda og Mojang opp i ein liten strid rundt ordet «Scrolls».

Skjermbilete frå Sins of a Solar Empire: Rebellion.

Denne gong er det Rebellion, utviklaren bak spel som Neverdead og Sniper Elite som ser raudt. Årsaka er at Stardock Entertainment og Ironclad games har døypt den nyaste ekspansjonen til Sins of a Solar Empire for «Rebellion», fortel Gamastura.

Rebellion meiner dette kan skape stor forvirring blant kundane, og skade merkevara deira. Spesielt har dei regaret på korleis ordet Rebellion blir brukt i promoteringa av ekspansjonen gjennom videoar, omtaler av spelet og promomateriell. I følgje Rebellion kan dette skape urettferdig konkurranse mellom Rebellion og Irconclad Games, og dei sendte såleis eit brev til Irconclad Games i april der dei bad utviklaren byte namnet, til inga nytte.

Kva meiner du om spel og utviklarar som deler namn? Bli du like forvirra som Rebellion meiner du kan bli, eller er dette ein bagatell?

Les også: Ny utvidelse for Sins of a Solar Empire

Siste fra forsiden