Reis på postapokalyptisk roadtrip i Bedlam

Om du likte The Banner Saga bør du ta ein kikk på dette.

Det er gode tider for alle som er glade i djupe og smarte rollespel. Dei siste åra har vi sett ei stadig aukande mengde med industriveteranar som i staden for å jage etter den neste gullgruva, har bestemt seg for å lage mindre og meir fokuserte spel. Døme på dette har vi sett gjennom både Obsidians Pillars of Eternity og inXiles Wasteland 2 som nett har hatt lansering. Tidlegare i år såg det lekre og turbaserte rollespelet The Banner Saga lansering, og dette spelet har inspirert ein ny gjeng med veteranar til å lage draumespelet sitt.

Skyshine Games er eit lite spelstudio stifta blant anna av tidlegare tilsette hos Darksiders-studioet Vigil Games. Hos sitt nye studio har dei kokt saman den postapokalyptisk reisa Bedlam i beste Mad Max-stil. Det heile vil køyre på The Banner Saga-motoren og har nett fått lansert ein Kickstarter-kampanje der dei ber om 130 000 dollar for å få finansiert spelet.

Skiten kunst

Handteikna apokalypse i Bedlam.

Bedlam vil som The Banner Saga by på ein ganske unik visuell stil som i det minste ser handteikna ut. Der The Banner Saga var fargerikt og vakkert, vil derimot Bedlam vere brunt og skitent, slik ein gjerne forventar når verda så og seie har gått under.

Likskapane med The Banner Saga kjem ikkje berre gjennom det grafiske uttrykket. Også i Bedlam vil vi leggje ut på ei reise, ta val, og delta i turbaserte kampar.

Du reiser frå stad til stad i ein gigantisk, mekanisk doning som går under namnet Dozer. Denne er ikkje berre nyttig til å frakte deg og mannskapet dit fram og tilbake, men og i kamp sidan den kan oppgraderast til å halde eitt massivt våpen.

Kampane i Bedlam er turbaserte, men i motsetning til mange andre turbaserte spel vil du ikkje vere låst til ei spesifikk rekkefølgje. Du vil stå fritt til å bruke kva krigar du vil, når du vil, og utviklarane kallar det ein svært blodig versjon av sjakk. Det gjeld likevel å vere forsiktig, sidan spelet byr på permanente dødsfall.

Om Bedlam blir finansisert, håpar utviklarane å ha spelet ferdig om eit års tid.

I mellomtida bør du få med deg suverene The Banner Saga, enten på PC, eller gjennom mobilversjonen som snart er klart for lansering.

Siste fra forsiden