Reis til universets ende i Ancient Space

Paradox ser utanfor kloden i sitt komande strategispel.

Mange blir introdusert for strategispel gjennom ein kampanjemodus som gjev deg ei innføring i mekanikkane. Hovudfokuset i slike spel er derimot svært ofte fleirspelarmodusen som kan leve i årevis etter lansering.

Med Ancient Space droppar derimot Paradox og utviklarane hos CreativeForge Games fleirspelar til fordel for eit strategispel der historia står i sentrum. I ei fersk pressemelding fortel Paradox Interactive at Ancient Space vil ta oss med til enden av det kjende universet, og vil måtte byggje opp ei solid flåte som kan hanskast farane som ventar der.

Konkrete detaljar om korleis spelet vil fungere er akkurat no svært få. Det vi veit er at det blir eit strategispel med fokus på å byggje ei solid og variert flåte med skip, noko som vil inkludere både oppgraderingar og reparasjonar. Du må i tillegg velje mannskapet ditt. Vala du gjer her fortel pressemeldinga vil kunna få stor innverknad på kva som skjer vidare.

Stort fokus på historia

Ancient Space.
Ancient Space.

Historia i Ancient Space ser ut til å bli eit fokuspunkt. Paradox skryt av det dei kallar ein storslagen romopera, og for å fortelje denne historia har dei hyra inn ei rekke skodespelarar som har god erfaring med science fiction-sjangeren.

På rollelista finn vi blant anna Star Trek-veteranane Dina Meyer, Dwight Schultz og John Billingsley. Vidare finn vi Battlestar Galactica-skodespelaren Aaron Douglas, Ron Glass frå Firefly, samt Richard Gunn som tidlegare dukka opp i Dark Angel.

Paradox har lagt ut ein fersk trailer frå Ancient Space som du kan sjå nedanfor. Ancient Space blir tilgjengeleg for Windows og Mac i løpet av hausten.

Om du likar strategiske oppgåver i rommet er det fleire spel å velje mellom. HD-utgåva av Space Rangers er vel verdt ein kikk, eventuelt kan du sjekke ut det noko spesielle strategispelet The Last Federation.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen