Reisebrev: Gamescom, dag 1

Leksjonar frå dei lærde

Den første av mange lange dagar fylt med godsaker er over.

KÖLN (Gamer.no): Det er få ting eg likar mindre enn å stå opp for tidleg. Likevel er det noko med å vere på messe som gjer dette mindre problematisk enn til dagleg. Skal eg på jobb blir det slumring til fem minutt etter at eg burde ha vore ut døra, men på messe, då kjem eg alarmen i forkjøpet, sjølv om eg har fått mindre søvn på fleire døgn enn dei fleste har behov for i løpet av ei enkelt natt.

Amatørmessig videoblogg!

Dette har naturleg nok sine konsekvensar. Ein av dei var at eg hadde store problem med å halde meg vaken under eit langt foredrag i eit rom med dempa og bortimot romantisk belysning.

Sniking i køa

Det vanlege køhysteriet slapp vi lett unna i år. Sjølv om vi blei møtt av ei tre kilometer lang kø, var dette berre stakkarslege studentar og «vanlege» deltakarar. Oss pressefolk fekk hoppe fram til front, der vi blei gjenkjende av GDC (Game Developers Conference)-arrangørar. Slikt er jo artig, men for vår del var det pugging av dagens program som stod for tur.

Som vanleg er det ikkje det heilt store køyret dei første dagane. Dagane gjeng via forskjellige foredrag om alt frå kven som bør lage spel for kven, eller tekniske utfordringar med kunstig intelligens i diverse forskjellige miljø. Med andre ord blir det mange ting som rett og slett blir så tekniske i natur at ingen av oss forstår innhaldet godt nok til å kunne vidareformidle det på ein forsvarleg måte.

Visse interessante foredrag har det derimot blitt. David Cage hadde som nemnt eit foredrag eg så vidt kom meg gjennom med auga opne, men han hadde likevel fleire gode poeng. Lasse og Mikael hadde i tillegg ei hyrdestund der dei fekk høyre om korleis legendariske Baldur's Gate blei laga.

Hva kan dette være? (Foto:Mikael H. Groven, Gamer.no)

Sjølv om Mikael og Lasse begge har sterke kjensler for Baldur's Gate, vil eg tru eg hadde ei betre oppleving. Eg var i utgangspunktet litt bitter over å la plikt gå framfor glede, men eg enda i alle fall opp med å vere vitne til eit foredrag om Red Steel 2 som var det mest engasjerande og underhaldande foredraget eg nokon gong har vore vitne til. Den kreative sjefen for Red Steel 2, Jason Vandenberghe, er ein bortimot hyperaktiv person som samtidig er ustyrteleg morosam. Det heile bar eit sterkt preg av at du måtte ha vore der sjølv for å forstå, noko eg har merka i mitt no nokre timar lange forsøk på å få det heile ned i leseleg format. Ein hard jobb, men eg skal gjere mitt beste for å få det ferdig.

Mat for mons

Av grunnar eg ikkje forstår har det blitt veldig populært at vi fortel om maten vi et. Vel, i dag var det så som så. I alle fall på messa. For ein veggis som meg sjølv er det ekstremt vanskeleg å finne noko som går an å ete utanom alt for søte småbollar og ein og annan tørr bolle. For Lasse og Mikael blei det med bolle og kokt pølse. Skikkeleg helsekost, med andre ord.

Det blei mange hakk betre tilbake på hotellets restaurant, der vi fekk oss litt skikkeleg mat. Mitt val, etter å ha gjort eit tappert forsøk på å tolke den tyske menyen, blei ein pastasalat med dampa grønsaker av den grøne varianten. Det heile bada i ein nydeleg saus, og eg var storfornøgd.

Lunsj alla Germania. (Foto:Mikael H. Groven, Gamer.no)

Lasse hadde stor steik og poteter, medan Mikael gafla i seg ein feit burger etter å ha fjerna tomatane han ikkje likte.

Resten har vore via skriving og veldig lite anna. Planen er å kome seg litt tidlegare i seng enn i går, sidan vi i morgon har fleire foredrag på programmet, samt potensielle godsaker frå Microsoft og livedekning av Sonys event!

Vi held deg oppdatert!

Siste fra forsiden