Rekordstøtte til norske spel

Norsk Filminstitutt delar ut pengar som aldri før.

I god tradisjon har Norsk Filminstitutt på ny opna pengesekken for å støtte dei fremste spelutviklarane i Noreg. Denne gongen delar dei ut den største summen så langt, og heile 5,2 millionar kroner er fordelt på diverse lovande prosjekt.

– I alt 24 prosjekt søkte om tilskot denne gongen, og nivået er veldig høgt. Det er svært gode prosjekt som no mottek tilskot, og det er spanande å sjå kor profesjonell den norske spelbransjen har blitt på berre få år, fortel Kaja Hench Dyrlie, NFIs produksjonsrådgjevar for spel i ei pressemelding.

Konseptbilete frå Håp
Konseptbilete frå Håp

Den største summen går til spelet Håp og bransjeveteranane i Artplant, som får heile 1,5 millionar. Dette Facebook-spelet hentar inspirasjon frå dei populære romskytespela frå 80-talet, ein sjanger som har fått ein oppsving dei siste åra og har blitt svært populære tilskot på Xbox Live Arcade og PlayStation Network. I Håp skal du navigere gjennom eit hav av kuler, og spelet vil by på tre forskjellige modusar der du enten spelar mot andre spelarar, skal overleve mange bølgjer av fiendar, eller spele gjennom ein kampanje. I tillegg kan du oppgradere skipet ditt undervegs for å takle seinare strabasar.

Artplant har mykje erfaring med nettlesarspel, og i tillegg til Håp jobbar dei med eit Game of Thrones-MMO, samt eit spel basert på den erkeamerikanske G.I. Joe-lisensen.

Sjølv om Artplant kan feire for å ha fått den største summen, kan Rock Pocket Games sprette ei sjampanjeflaske òg. Dei har motteke 1,4 millionar kroner i støtte for å gjere ferdig det spanande spelet Oliver & Spike – Dimensjonshoppere for konsoll, PC og Mac. Dette spelet har tidlegare fått 1,1 millionar i stønad og blir såleis det spelet som har fått mest så langt med heile 2,5 millionar kroner.

I Oliver & Spike følgjer vi Oliver og den trufaste følgjesvenen Spike. Spelet kombinerer klassiske element frå både eventyr- og plattformspel, og ved å manipulere og bryte naturens lover skal du overvinne forskjellige problem dei gode venene møter på i si ferd for å redde framtida.

Litt mindre pengar frå Hyper Interactive med sine 750 000 kroner for å lage det sosiale spelet Mogul. Her skal du kaste deg inn i ein forenkla versjon av aksjemarknaden for å styre verdsøkonomien. Spelet blir tilgjengeleg via nettlesaren, Facebook og iOS.

Lekre Oliver & Spike
Lekre Oliver & Spike

TurboTape Games får òg 750 000 kroner for det nettlesarbaserte kort/3D-miniatyrspelet Ravendark. I dette spelet tek du rolla som ein krigsherre som samlar inn mange mytologiske beist for å kjempe om å få kontroll over den mektige Ravnekrafta. Spelet vil kombinere både speling og musikk på kreativt vis, og får eit lydspor signert Immortal-musikaren Harald Nævdal.

Kool Production stikk på si side av med 380 000 kroner for Elleville Elfrids sommereventyr, ei digital barnebok som vil kombinere animasjon, spel og bok i eitt produkt. Universet er basert på animasjonsserien og bøkene om Elleville Elfrid, utvikla av Frank Mosvold, som vil være produsent for dette iOS-prosjektet.

Actionrollespelet SKAR - Hammeren vender tilbake frå Blink Studios får igjen stønad, denne gong med 250 000 kroner. Dette lovande spelet har tidlegare fått 1,5 millionar kroner i støtte, og kjem til iOS, PC og Mac.

Den siste vinnaren denne gong er D-Pad Studio med indiefavoritten Owlboy. Spelet har tidlegare fått 100 000 kroner i stønad, og får denne gong 170 000 kroner til. Spelet har vore nominert til fleire prisar, deriblant Visual Excellence ved Independent Game Festival under GDC-messa i San Francisco. I tillegg vann spelet Game Of The Year ved studentkonkurransen Norwegian Game Awards 2010.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen