Resident Evil møter Left 4 Dead

Valve sitt zombie-firkløver reddar verda på ny.

Neste veke kjem PC-versjonen av Resident Evil 6, som kom til PlayStation 3 og Xbox 360 i fjor haust. For å freiste fleire til å kjøpe spelet har dei i den anledning kunngjort eit ørlite samarbeid med Valve, fortel Eurogamer.

I tillegg til å by på den oppdelte kampanjemodusen som let oss spele som fire ulike personar med overlappande historier, byr PC-versjonen av Resident Evil 6 på The Merenaries: No Mercy-modusen. I denne modusen er målet å overleve lengst mogleg medan du kjemper mot zombier og andre lugubre beist.

I PC-versjonen av The Mercenaries får du ikkje berre spele kjende personar frå Resident Evil-universet. I samarbeid med Valve får du velje å spele som hovudpersonane frå Left 4 Dead 2. Kvar av dei fire personane får ulike startvåpen. I tillegg til at Coach, Nick, Ellis og Rochelle dukkar Left 4 Dead-fiendane The Witch og Mini Tank opp i The Mercenaries-modusen.

Om du heller vil spele Left 4 Dead 2 får dette spelet på si side besøk av Resident Evil-beista Lepotitsa, Napad og Ogroman.

Resident Evil 6 kjem i sal for PC 22. mars.

Les også: – Ikke utenkelig å gi Resident Evil en omstart Les også: Resident Evil: Revelations til nye format

Siste fra forsiden