Resident Evil Zero blir henta fram frå mørkret

Enda eit grøssarspel blir pussa opp for ein ny generasjon.

Capcom

Etter suksessen med HD-utgåva av original Resident Evil – som no har selt over ein million eksemplar – har Capcom bestemt seg or å pusse opp enda eit Resient Evil-spel av eldre årgang. Denne gong er det Resident Evil Zero som står for tur, kan Eurogamer fortelje oss.

Resident Evil Zero blei opphaveleg lansert på Nintendos GameCube våren 2003, og blei seinare lansert på Wii. Den nyleg avslørte HD-utgåva blir med det første gong spelet kjem til noko anna enn Nintendo-konsollar. HD-utgåva av Resident Evil Zero vil lanserast tidleg neste år på PC, PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One og Xbox 360.

Samarbeid for ein

Skjermbilete frå Resident Evil Zero på Gamecube.

I Resident Evil Zero møter vi politikvinna Rebecca Chambers og den rømte fangen Billy Coen. Spelet tek oss med til tida før det første Resident Evil-spelet. I staden for å spele som ein fastlåst person, fekk du skifte mellom å spele som Chambers og Coen etter eige ynskje. Dei hadde begge ulike eigenskapar du kunne ta i bruk for å overleve mot zombiane.

Koji Oda som i si tid regisserte Resident Evil Zero er tilbake for å styre restaureringa i riktig retning, medan fleire av det originale teamet er med på laget.

Resident Evil-serien blei i si tid skapt av Shinji Mikami, som òg stod bak spakane under utviklinga av Resident Evil 4. Han returnerte i fjor haust til sine skrekkrøter med det uhyggjelege grøssarspelet The Evil Within, eit spel som er vel verdt ein kikk.

Siste fra forsiden