Sniktitt

Resident Evil 4

Om du er ein av dei som kjem til å vere redd for landsbygda etter attande mars i år, forstår eg deg veldig godt.

Attande mars er sjølvsagt dagen Resident Evil 4 endeleg får sjå ”dagens” lys her til lands. Arbeidet med spelet var i gong før GameCube i det heile tatt var ute i butikkane, og resultatet er ingenting anna enn spektakulært. Det vi får her er eit spel som tek mange sjansar i forhold til dei tidlegare spela i serien. Kontrolloppsettet er nytt, temaet er nytt, og det mest utrulege av alt; eit veldig bra kamera.

Nei, det er ikkje småtteri. Resident Evil 4 introduserar oss for den amerikanske agenten Leon, som er sendt til Spania for å finne den amerikanske presidenten si bortførte dotter. Sjølvsagt er dette meir enn ei typisk bortføring, og Leon møter vel ikkje akkurat det han hadde forventa. Ein gjeng med landsbybebuarar som er noko utanom det vanlege. Observer dei frå avstand, og dei ser ut til å gjer det typiske bønder gjer. Dei går fram og tilbake, snakkar med kvarandre, og utfører sitt arbeid. Nærmar du deg kjem dei stormande (ikkje så veldig raskt eigentleg) mot deg med ljåar, fakklar og dynamitt. Er du riktig heldig møter du ein fyr med motorsag, eit festeleg møte du nok kjem til å hugse ei stund.

Ut på tur, aldri sur? Dette er kanskje ein av dei store nye delane til spelet. Du er faktisk utandørs i rimeleg opne område, sjølv om du ikkje er fri til å gå kvar du vil. Du føler deg imidlertid aldri innestengd, og progresjonen følest naturleg. At du ikkje kan gå kvar du vil er eigentleg ganske greit, for det ville også bety at dei mannevonde bøndene også ville kune kome mot deg frå alle vinklar. Landsbyane varierar i størrelse, nokre delar består kun av eit par hus, medan du vil finne låvar og fleire hus i forskjellige størrelsar andre stader. Det du alltid er klar over, er at det kan kome nokon gjennom vindauget, dei kan stå på hustaket, bak treet til venstre, og dei lar seg ikkje stoppe av noko for å nå deg.

Til dømes må du på eit nivå barrikadere deg inne i eit hus, i noko som utspelar seg som ein hyllest til alle skrekkfilmar vi har sett til dags dato. Du kan dytte bokhyller framfor vindauga, men det er ikkje nok. Fienden kjem seg inn, og då er det kun nerver av stål og rikeleg med ammunisjon som kan halde deg gåande. Akkurat dette nivået er heilt rått. Først bankar og dundrar det i veggane før du kan sjå ei hylle rase ned, og bøndene kjem klatrande gjennom vindauge. Etter kvart blir du nødt til å springe opp i andre etasje, og må kaste granatar ned i underetasjen medan du unngår nærkontakt ved hjelp av ei pumphagle.

Slike situasjonar gjer deg ikkje nødvendigvis redd, men du blir stressa, og så opptatt av det som skjer på skjermen at alt anna (som til dømes jobb og skulearbeid) verkar veldig trivielt. Dette blir forsterka av at du må stå i ro når du skal bruke våpen. Dette er kanskje noko i ikkje alle set pris på, men eg har aldri sett det fungere betre enn her. Ved å halde inne R kan du sjå rundt deg i alle vinklar, medan du skyter som ein gal. Det gir også kraftigare realisme opp i det heile. Vis meg den karen som kan skyte presise skot med ei pumphagle medan han spring baklengs. Du kan ikkje det nei? Tenkte meg det.

God fysikk I staden gjer du kva du kan for å unngå at folk skal kome nær nok, og det er mange måtar å gjere dette på. Resident Evil 4 har ein veldig god fysikkmotor, og fiendane reagerar der du skyt. Skyt du dei i skuldra blir dei slått bakover i henhold til der du traff. Skyt dei i foten for å sende dei ned på kne (og kjøpe deg litt ekstra tid), eller berre skyt av dei hovudet med ei hagle. Om fienden skulle kome for nærme, er det måtar å ordne dette på også. Av og til får du tilbud om å sende fiendar bakover med eit spark, eller du kan hente fram kniven for desperat nærkamp.

Som du kanskje skjønar, Resident Evil 4 er eit blodig spel. Så blodig faktisk, at den japanske versjonen manglar eksploderane hovud, men dette får vi heldigvis behalde, for det gir ei triumferande og trygg kjensle av at denne karen røyser seg aldri opp igjen (det skjer, tru meg, det skjer). Resident Evil 4 er også eit ufatteleg pent spel. Det har ein veldig godt gjennomført stil, og du føler at du verkeleg er i ei rusten og øydelagd landsbygd. Dette blir sjølvsagt forsterka av lydar, skrik og rop, som ofte gjer sitt for å drive deg til vannvidd. Den nesten totale mangelen på musikk er også eit sterkt element for å setje deg i ei heilt spesiell stemning.

Konklusjon Det er nok lite tvil om at dette kjem til å bli eit av årets store spel. Serien har mange tilhengjarar, og det er ytterst tvilsomt om nokon av dei kjem til å blir skuffa. Faktisk er sjansen veldig stor for at serien får ein god del nye spelarar. Det er meir action enn kva vi har sett før, men det går ikkje på bekostninga av den blodharde stemninga eit Resident Evil-spel skal ha. Sjølvsagt har vi spørsmålet om det kjem til å bli einsformig og repetivt i lengda, men det vi har sett hittil lovar godt også der. Det er berre å setje i gong med å hamstre brus og chips, for det kjem til å bli nokre lange netter i mars.

Siste fra forsiden