Førsteinntrykk

Resistance: Fall of Man

Det har vel nesten blitt tradisjon å skyte romvesen i eit lanseringsspel for ein konsoll. Det ingen grunn til å klage over det.

Det er eit lite stykke frå plattformheltane Ratchet & Clank, til eit spel som kastar oss om lag femti år tilbake i tid, og ei verd i kamp mot ein invasjon frå verdsrommet. Det er dette Insomniac har valt som utgongspunkt for sitt første spel på PlayStation 3, og det har ikkje vore heilt lite oppstuss om dette spelet heller. Sony sin "Halo killer" har nokon sagt, men sjølv om Resistance ser ut til å ha sine kvalitetar, burde nok Insomniac ha jobba litt meir om dei verkeleg vil ta opp kampen mot Bungie og Microsoft sin episke serie.

Handlinga tek oss til eit alternativt syn på kva som kunne skjedd om verda hadde blitt invadert av romvesen. Det kan lett beskrivast som eit typisk andre verdskrig-spel, der fiendane tilfeldigvis ikkje er nazistar. Du kjempar mot hordar av romvesen som stort sett ser heilt like ut, har litt høgteknologiske våpen, og ein agenda som ikkje kan aksepterast av moder jord.

Resistance: Fall of Man er eit veldig grått spel. Grått og brunt er gjennomgåande fargar, og det får fram kjensla av å befinne seg i etterkrigstida veldig godt. Dei invaderande romvesna har teke over store delar av planeten, og no befinn du deg i menneska sin siste kamp for å bevare sin eigen rase. Dette skjer sjølvsagt i eit "alle mot ein, ein mot alle" scenario, men dette er vel ikkje akkurat ei stor overrasking.

Kodenamn: våpen

I rolla som Nathan Hale, ein ung amerikanar som sjølvsagt er noko utanom det vanlege, er det din jobb å fjerne dei ganske så stygge romvesena frå jorda. Du gjer dette i kjend stil, med ei samling tradisjonelle våpen som automatrifle og pumphagle, samt nokre utanomjordiske våpen som kun Insomniac er i stand til å koke opp. Det er tross alt skaparane av Ratchet & Clank som står bak dette spelet, hadde du forventa eit kjedeleg arsenal? Eit døme på eit svært nyttig våpen, er til dømes Bullseye, som let deg låse fast på ein fiende slik at alle kuler treff. I tillegg til dette har fleire våpen to former for ildføring. Der automatrifla til dømes, kan skyte granatar.

Insomniac har blitt litt inspirert av nyare skytespel som let helsa di regenerere seg sjølv, men med visse modifikasjonar. Helselinja di er samansatt av fire minilinjer. Kvar av desse fyller seg sjølv opp til maks etter ei lita stund. Om ein av dei går tom, må du derimot finne gule sylinderar rundt omkring som fyller deg heilt opp igjen. Dette systemet gir deg eit lite fortrinn i at helsa blir regenerert, men let deg ikkje bli for dristig, sidan du då gjerne må finne fleire sylinderar med gul veske.

Konkurransedyktig?

Det viktigaste med Resistance: Fall of Man, vil nok i mange sine auge være korleis det held seg i samanlikning med den arge konkurransen du finn på Xbox 360, godt representert av spel som Gears of War. Det som er veldig tydeleg, er at Gears of War er mykje penare, har mykje betre kunstig intelligens, og galant har unngått ein del av dei problema som lett oppstår i Resistance: Fall of Man. Noko av det mest irriterande med sistnemnde er korleis det ofte kan være frykteleg vanskeleg å få ein fiende i sikte. Du kan bruke kikkartsikte, men likevel, er det så mykje som ein stolpe i nærleiken kan det til tider være umogleg å treffe det du vil.

Ein anna ting er den kunstige intelligensen som heller ikkje imponerar heilt. Om vi gløymer konkurransen, er Resistance: Fall of Man eit spel som taklar dette heilt greit, sjølv om det aldri imponerar. Vi har sett mange fiendar som kun går fram og tilbake i eit rom tilsynelatande utan ei milligram av forstand, og det er ofte det vi får her. Fienden kjem etter deg når han ser deg, men i staden for å tenke strategisk, spring han ofte rett på. Det ser ikkje ut til at du ofte vil erfare situasjonar der fienden brukar list for å ta deg. Det skjer, men som regel gøymer dei seg bak ei kasse og ventar på at du skal vise deg.

Spelet er flott og detaljert med naturtro område. Det kjem kanskje ikkje heilt i nærleiken av Gears of War, men vi må heller ikkje gløyme at dette er ein lanseringstittel. Til samanlikning var Perfect Dark Zero ein lanseringstittel til Xbox 360, og det er eit ganske solid steg frå Joanna Dark sitt siste eventyr, til det vi finn på konsollen i dag. Det som kanskje skurrar mest med Resistance, er uansett kjensla av leire som ligg over store delar av spelet. Til og med gamle og tørre treplankar glimar i lyset som om dei skulle være polert med voks. Dette hjelp ikke realismen i noko grad. Dette er i midlertid noko du ikkje legg spesielt merke til før du kjem nær ting, så Insomniac har ikkje heilt gått i den gamle fella med å slenge overdreven "bump mapping" på alle gjenstandar.

Konklusjon

Les også
Anmeldelse:

Det er kanskje ikkje noko ved Resistance: Fall of Man som eine og aleine tvingar deg til å kjøpe PlayStation 3, men underhaldning får du. Det ser ut til å være eit solid skytespel som byr på god utfording og hektiske kampar. Historia er kanskje ikkje den mest interessante, men med underhaldande møte med fiendane, og eit artig utval av våpen er ikkje dette eit problem. Ein ting er i alle fall sikkert; skal du ha deg eit spel saman med din flunkande nye PlayStation 3, bør Resistance: Fall of Man stå eit godt stykke opp på lista.

Siste fra forsiden