Retroportalen GOG.com er lansert på Mac

Mac-støtte, store tilbod, og nytt om The Witcher 2-verkty.

I sin direktesendte pressekonferanse i kveld hadde CD Projekt gode nyhende til Mac-spelarane der ute. I samband med at GOG.com fyller fire år er tenesta no lansert på Mac. 50 spel er i skrivande stund tilgjengelege, og 28 av dei er tilgjengelege på Mac for aller første gong, og berre frå GOG.com.

Blant klassikarane som no er tilgjengelege frå GOG.com på Mac finn vi blant anna det første Witcher-spelet, Dungeon Keeper, SimCity 2000, Little Big Adventure og Tex Murphy: Under a Killing Moon.

Kjøper du eit spel som er tilgjengeleg på både Mac og PC får du begge versjonane, og berre ved å registrere deg får du åtte spel heilt gratis. Blant desse finn vi Beneath a Steel Sky, Ultima 4 og Tyrian 2000. Samtidig køyrer CD Projekt ein promokapmanje den første veka der du kan få seks spel for ei billeg penge.

Ved sidan av å no vere tilgjengeleg på Mac har GOG.com mykje nytt snadder å by på. CD Projekt har alliert seg med Interplay om ei solid pakke spel for til låg pris. Du kan betale akkurat kva du vil for å få åtte gamle Interplay-spel, og om du verkeleg vil fylle opp bibilioteket ditt kan du spytte ut rundt 200 kroner for heile 32 Interplay-spel. Dette inkluderer Fallout-spela, Descent, Freespace 2 og MDK-spela. Skulle du ha nokon av desse frå før vil du få eit gåvekort som let ein ven laste ned dei aktuelle spela gratis.

Nokre nye spel er òg på veg til GOG.com. Fysikkspelet Puddle er tilgjengeleg akkurat no, plattformspelet Giana Sisters: Twisted Dreams blir tilgjengeleg 23. oktober, og det tradisjonelle peik og klikk-eventyret Chaos on Deponia lanserast 6. november.

Det siste CD Projekt hadde å kome med av GOG.com-relaterte nyhende var at dei har jobba med Windows 8 i omlag seks månader, og det meste fungerer bra. Dei vil derimot ikkje seie noko konkret om kompatibiliteten før etter operativsystemet er lansert og dei første oppdateringane frå Microsoft er ute.

Lekre The Witcher 2 er no tilgjengeleg på Mac.
CD Projekt RED

The Withcer 2 til Mac

I tillegg til å lansere GOG.com for Mac viste CD Projekt fram det populære rollespelet The Witcher 2 til Apple si plattform. Rollespelet har vore ute på PC i godt over eit år allereie, og dukka i vår opp på Xbox 360 i form av The Witcher: Enhanced Edition. Spelet kan kjøpast frå både GOG og Steam.

Av andre The Witcher-nyhende i kveld viste CD Projekt RED dei nye modifiseringsverktya som har fått namnet REDkit. Her er målet at du skal kunne byggje opp dine eigne eventyr kjapt og effektivt. Ved hjelp av brukarvenlege verkty kan du lett måle inn landskap og ulike terreng. Å lage oppdrag og dialogar skal vere ein leik, og CD Projekt RED hevdar å ha laga eit oppdrag på berre 23 minutt.

Betatesten av verktya rullar ut i desse dagar, og 100 ulike moddegrupper får vise kva dei kan få til. Lanseringa vil bli i løpet av første halvår neste år, og heil sulamitten blir ei gratis oppdatering for The Witcher 2.

Les også: Nye detaljar om Cyberpunk Les også: The Witcher 2-studio har store planer

Siste fra forsiden