Ri på ein T-rex i dette ambisiøse dinosaurspelet

ARK: Survival Evolved sender deg ut i ei opa verd full av dinosaurar.

Etter mange år med dinosaurtørke, har vi dei siste åra sett ei rekke spel som prøvar å bringe desse fascinerande dyra tilbake. Det nyaste spelet på dinosaurstammen er det svært ambisiøse overlevingsspelet ARK: Survival Evolved.

I dette spelet bytast zombiene frå DayZ ut med dinosaurar og andre prehistoriske skapningar, får vi vite i ei pressemelding. I spelet vaknar du naken opp på ei øy saman med fleire andre like nakne og forvirra personar. På denne øya å du jakte, sanke og byggje både utstyr, våpen og bygningar for å overleve.

Fly gjennom lufta på ein Pteranodon.

Den tropiske øya er heim til over 60 ulike dinosaurar og andre skapningar. Desse kan du jakte, eller gå inn for å temje slik at du kan bruke dei til både fredeleg arbeid, og som ridedyr i krig. Du vil kunne ri på alt frå Velociraptor og Tyrannosaurus Rex, eller den flygande Pteranodon.

Levande økosystem

Alle dyra i ARK: Survival Evolved vil vere ein del av eit større økosystem, og vil i følgje utviklarane leve sine eigne liv der dei enten beiter på marka, eller jaktar andre dinosaurar. Rundt dette får vi servert ei levande verd med skiftande vêr.

Raptorpatruljen på tur.

ARK: Survival Evolved blir bygd på Unreal Engine 4, og blir utvikla for Windows, Mac, Xbox One og PlayStation 4. I eit innlegg på PlayStation-bloggen får vi vite at spelet får fulls tøtte for Sonys VR-headset Morpheus.

Den endelege lanseringa av ARK: Survival Evolved vil finne stad neste år, men om du har ein dugande PC kan du bli med på å teste ut spelet frå og med 2. juni, når spelet lanserast på Steam Early Access.

Om planane bak ARK: Survival Evolved høyrest kjende ut er ikkje det rart. Det heile har mykje til felles med Kickstarter-prosjektet The Stomping Land. Det spelet fekk ein grei start på Steam Early Access, men enda opp med å smuldre opp, og ingen har høyrt noko frå utviklarane på lang tid.

Forhåpentlegvis går det betre med ARK: Survival Evolved.

Siste fra forsiden