Anmeldelse

Rise of the Argonauts

Antikke heltedådar

Eventyret til Kong Jason er vakkert og stemningsfullt, men kunne vore mykje betre.

Det eldgamle Hellas er opphav for mange mytar, og har med sin fascinerande mytologi vore inspirasjonskjelde for mange fantastiske historier. Ei av desse er historia om Jason og Argonautane. Den har tidlegare vore filmatisert, i klassikaren Jason & the Argonauts. Det var ein banebrytande film som blanda animasjon og film på ein truverdig måte, lenge før Steven Spielberg sine dinosaurar dundra over skjermen i Jurassic Park.

Trailer til Rise of the Argonauts

Vis større

Trailer: Rise of the Argonauts #7

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • rollespill
  • rise of the argonauts


Historia om Jason er så nært vi kjem noko episk, den er blant opphavet til det episke, og lista ligg difor høgt når Liquid Entertainment no har valt å lage eit spel av den. Vi veit allereie at historia er bra, men vil eit action-eventyr vise den respekt?

Dramatisk oppstart

Det er kvelden før Kong Jason av Iolcus skal gifte seg med si kjære Alceme, men det er ikkje alle som er like begeistra for denne unionen. Alceme blir henretta rett framfor Jasons auge, og ei desperat jakt på mordaren trer i kraft. Gjerningsmannen blir teken, men dette er berre starten på ei historie om kjærleik så kraftig at den trassar både liv og død. Han reiser til fascinerande område, må kjempe mot legendariske skapningar frå mytologien, og byggje opp eit følgje av Argonautar; heltar som Hercules og Achilles.

Det er utan tvil historia som er spelets sterkaste element. Den er godt fortalt, og dyktige skodespelarar gjer ein god jobb i å få deg til å tru på personane. Det blir eigentleg litt malplassert å kalle dette eit action-spel. Du brukar mykje meir tid på forskjellige dialogar, enn på å faktisk drepe fiendar, og følgjeleg er ikkje tempoet i store delar av spelet høgt. Dette er likevel ikkje noko negativt. Dialogane er velskrivne, og du ser aldri nokon grunn til å hoppe gjennom tekst fordi den kjedar deg. Du høyrer villig på alt folk seier til deg, og spring vidare for å snakke med neste person.

Det blir raskt ein del springing fram og tilbake, og sjølv om du spring i dine eigne fotspor ein del, er det ikkje noko problem. Den herlege musikken set deg i ei stemning som får deg heilt til å gløyme tid, og det å springe frå den eine personen til den andre for å løyse eit problem, framstår som den mest naturlege tingen i verda.

Himmelske samtaler

Gjennom fleire av dialogane vil du få forskjellige val som gir spelet eit sterkt rollespel-element. Jason har fire gudar han kan dedisere forskjellige handlingar til, og dette blir viktig i samtalene han har med folk. Det heile minnar ein del om Mass Effect, sidan du har ein ring med forskjellige alternativ. Ofte vil kva du seier gå i retning av ein av dei fire gudane, og dette vil gi deg poeng du kan bruke for å kjøpe nye krefter til Jason.

Dette systemet er i utgangspunktet veldig interessant, men det er ikkje godt gjennomført. Du får sjeldan ei sterk kjensle av at kva du seier i ei samtale har mykje å sei, samtidig som ein eigentleg aldri får kjensla av at det er stor forskjell på kva gud du vel å lene deg mot.

Som sagt får du poeng du kan kjøpe krefter for, og desse kreftene er utelukkande retta mot kamp. Dei forskjellige gudane kan gi deg krefter som gjer Jason sterkare med til dømes sverd eller spyd, og det er eigentleg dette som blir det viktige i kva val du gjer. Om du vel å snakke høfleg i ei samtale, vil ikkje det gi anna utslag enn at du får poeng du kan kjøpe kamporienterte eigenskapar for. Gode gjerningar resulterer altså i våpna dine gjer meir skade.

Mykje bry for ingenting

Dette vil ikkje plage deg stort, men det heile kunne godt ha vore utforska i større grad. Samtidig innser ein etter kvart at samtalene betyr lite i den store samanhenga. Du får nokre poeng til den eine eller den andre guden, men ikkje mange. Storparten av alle poenga du får, får du gjennom å oppnå forskjellige ting som å klare eit oppdrag, eller drepe fiendar. Alle slike mål vil la deg kjøpe nye poeng til akkurat den guden du sjølv vil. Litt enkel matte gjer situasjonen veldig klar: Du har etter kvart så mange oppfylte mål, at mengda poeng du får gjennom samtaler blir mikroskopisk i samanlikning. Det er greitt å stå heilt fritt til å kjøpe seg akkurat dei kreftene ein vil ha, men det er litt leit at det i utgangspunktet interessante samtalesystemet, i realiteten blir meiningslaust.

Ein anna meiningslaus ting er mange av eigenskapane du kan kjøpe. Det er ikkje alle som er like nyttige, og nokre av dei må du bruke manuelt. For å gjere dette må du rykkje på D-paden, eller tal på tastaturet om du spelar på PC, og dette er i kampens hete ein tungvindt prosess det blir lett å gi blanke i. Eigenskapane er ikkje så sterke at du får kjensla av at du treng dei. Samtidig slit dei med eit tungvindt system der du må drepe fiendar, for å fylle opp eit meter før du får bruke dei. I større kampar med færre og sterkare fiendar, blir eigenskapane til Jason unyttige, sidan du ikkje har tilgang på dei.

Det beste blir å satse på passive eigenskapar, sidan desse alltid er i bruk. Du kan bli betre med våpna, tole meir skade, eller få moglegheita til å vekkje til live Argonautane om dei skulle falle i kamp. Du har ingen kontroll over Argonautane, og kan ikkje ein gong gi dei små retningslinjer å gå etter. Dei kjempar på eiga hand, og vier ikkje spelet stort meir enn ei hjelpande hand i harde situasjonar. Dette er eigentleg ein grei ting, sidan du heller kan leggje fokuset på å drepe fiendar sjølv.

Kampsystemet som vil

Rise of the Argonauts prøvar å gi oss ein vri på dei typiske action-spela. I likskap med samtalesystemet, er kampane ein interessant del av spelet, men feilar diverre i utføringa. Rise of the Argonauts er ikkje eit spel der du berre skal hamre laus som Kratos i God of War. I staden vil du halde skjoldet framfor deg medan du ventar på ei opning. Du har eit svakt og eit kraftig angrep, og det kraftige angrepet kan drepe mange fiendar med eitt einaste slag. Akkurat dette er ganske tøft, sidan mange kampar blir ein maktdemonstrasjon der Jason knuser skallar og spiddar fiendane før han slenger dei frå seg som skambanka filledokker.

Diverre er dette eigentleg alt som er tøft. Du finn knapt ein einaste kombo, utanom å hamre på det svake angrepet. Du kan ikkje ein gong kombinere sterke og svake angrep. Kvar gong du brukar eit sterkt angrep, utfører Jason det same angrepet kvar gong, uavhengig av om du prøver å fyre laus ein kombinasjon. Du kan berre gløyme alle tankar om å byggje opp heftige komboangrep som sender fiendane flygande. Dette blir ekstra irriterande i og med at veldig mange fiendar er veldig flinke til å dukke unna dei sterke angrepa. I tillegg har mange av dei skjold som beskyttar dei mot alle sterke angrep, og desse må du knuse ved å hamre laus med svake angrep først.

Litt av tanken her er at stål må treffe mjuk kropp for å gjere skade, og dette er noko som i fleire situasjonar fungerer utmerka. Det kjem i stor grad an på kva fiendar du møter, og nokre av dei er definitivt artigare å kjempe mot enn andre. I tillegg kan Jason skifte mellom tre forskjellige våpen; sverd, klubbe og spyd. Du skal kunne kombinere bruken av desse våpna ved å skifte våpen midt i eit angrep, men i praksis fungerer det ikkje. Det tek så lang tid for Jason å skifte våpen, at du berre gir fienden ein fordel.

Forsvar er beste angrep

I likskap med mange av fiendane, har Jason eit skjold han kan gøyme seg bak. Dette er ein veldig viktig del av spelet, sidan Jason vil avverje alle angrep om han har det framme. I tillegg vil alle angrep som treff skjoldet, sjølv om du ikkje gøymer deg bak det, bli slått tilbake. Det er ganske effektivt, og saman med spydet har du ein livsfarleg kombinasjon. Då kan du berre vente til fienden gjer noko dumt, før du sender spydet gjennom magen på han for ei rask avslutning.

Det meste med Rise of the Argonauts er eigentleg engasjerande, men du blir heile tida minna om kor mykje betre det kunne ha vore. Noko som i alle fall er heilt klart, er at dette spelet først og fremst er utvikla for konsollar. PC-versjonen slit i like stor grad med overføringa til tastatur og mus, som eit strategispel gjerne slit med å bli tilpassa ein kontrollar. Det er ingen god logikk i korleis forskjellige kommandoar er plasserte på tastaturet, og kameraet er overalt heile tida. Når du er i ein kamp, og skal angripe fiendar, vil du automatisk rette Jason mot fienden, men dette vendar kameraet òg, noko som får synsvinkelen til å ta ei heilomvending på brøkdelen av eit sekund. Dette skjer heile tida, og det gjer ofte kampane til ei svært kaotisk affære.

Vakkert og stemningsfullt

Den mest gjennomførte delen av Rise of the Argonauts er – ved sidan av historia – den flotte grafikken. Det er ikkje det mest teknisk imponerande spelet du vil finne på marknaden, men den visuelle stilen Liquid Entertainment har gått for, er ein truverdig og magisk versjon av det eldgamle Hellas. Den skil seg samtidig ut frå veldig mange andre spel med sin fargerike palett. Liquid Entertainment har teke kjende skapningar og gjeve dei eit ansiktsløft som er både overbevisande og tiltrekkjande. Til dømes har du ein satyr i følgjet til Jason, som ikkje liknar nokon satyr eg har sett før, men som ser urovekkjande realistisk ut.

Det heile er veldig truverdig, sjølv om det ikkje nødvendigvis (og heldigvis) er realistisk heile tida. Til dømes er Hercules ein abnormalt enorm og muskuløs mann som får samtlege kroppsbyggjarar til å sjå ut som fyrstikkmenn.

Det einaste som eigentleg trekk ned den visuelle presentasjonen, er at den tekniske kvaliteten er litt varierande. Sylskarpe teksturar blir blanda med tåkete teksturar, og sjølv om dei dårlegare teksturane for seg sjølv ikkje er veldig merkbare, ser du det veldig godt når dei ligg side om side. Samtidig er det heilt tydeleg at personane i spelet er prega av det same. Andleta på hovudpersonane er generelt sett vanvittig detaljerte, medan du lett ser at dei frå halsen og ned har teksturar i lågare oppløysning. I tillegg til dette er mindre viktige personar i gatene i langt dårlegare kvalitet enn hovudpersonane. Dette er ikkje noko nytt, men det blir veldig synleg når ein forseggjort Jason står og snakkar med ein person som lett kunne ha vore plukka ut av eit eldre spel.

Konklusjon

Rise of the Argonauts er definitivt eit underhaldande spel, men det er eigentleg ikkje spelmekanikkane som er grunnen til dette. I staden for svært engasjerande kampar, er det den gode historia og den magiske stemninga som dreg deg tilbake. Sorgtunge celloar målar ei vakkert og dystert landskap, medan du vandrar gjennom overbevisande område som verkeleg får deg til å tenkje at ein gong var verda slik.

Dette aleine er faktisk nok til at ein lett blir sitjande med spelet i time etter time, men det lurer deg likevel ikkje til å tru at det er eit meisterverk du brukar tida di på. Det er mykje i Rise of the Argonauts som kunne, og burde, vore betre. Både samtalene og kampane legg opp til mykje meir enn spelet endar opp med å gi, og dette hindrar diverre spelet frå å nå dei heilt store høgdene.

Rise of the Argonauts er i salg for Xbox 360, Playstation 3 og PC. Det er de to sistnemnte utgåvene som er testet.

Siste fra forsiden