Rock med Slash til vinteren

Gitarspelet Band Fuse vil lage liv i heimen.

Blant dei mange interessante spela vi kika på under E3-messa i juni fann vi gitarspelet Band Fuse. Med dette spelet satsar utviklarane på å ta opp kampen mot Ubisoft sin Rocksmith-serie. Eit av dei store salspunkta til Band Fuse er at dei har huka tak i gitarlegender som Slash og Zakk Wylde. Desse vil by på sine eigne leksjonar for å vise deg kva dei gjer når dei tryllar fram magi med instrumenta sine.

I ei pressemelding i dag får vit vite at spelet kjem på seinhausten. Det er så langt berre amerikanarane som har fått fastlåst dato i form av 19. november for begge versjonen av spelet, men vi lovast ein meir nøyaktig dato for oss i Europa snarleg.

Du kan få litt hjelp om det trengst.

Musikalsk stålfront

Over det heile er det mykje som er likt mellom Band Fuse og konkurrenten Rocksmith. Begge to vil gjerne vere spelet som kan læra alle å spele gitar, men Band Fuse har eit mykje større fokus på rock enn kva den første utgåva av Rocksmith hadde.

Det som imponerte mest då vi såg nærare på det var derimot det totale fråværet av etterslep frå du spelar til lyden kjem ut frå høgtalarane, samt det solide låtutvalet:

«Her finn vi alt frå Pantera og Pearl Jam til Five Finger Death Punch og The Strokes. Spelet vil kome med godt over 40 låter, og meir vil bli gjort tilgjengeleg etter lansering. Kampen om gitaren kan bli hard i haust, men om det du aller helst vil er å lære, kan Band Fuse raskt bli eit essensielt kjøp.»

Les også: Anmeldelse: Rocksmith Les også: Sniktitt: Rocksmith 2014 Edition

Siste fra forsiden