Rockespel kaprar gitarlegende

Band Fuse får besøk av pioneren Jimi Hendrix.

Etter den massive populariteten spel som Guitar Hero og Rock Band hadde for nokre år tilbake blei det brått stille, men no er gitarspela på full veg tilbake. Forskjellen på no og då er at der vi før i tida leika oss med plastgitarar som på ingen måte speila korleis det er å spele ein ekte gitar, får vi no spel som aktar å lære oss å spele eit skikkeleg instrument.

I fjor dukka Rocksmith opp, og i år har vi fått det fantastiske Rocksmith 2014, har tatt det heile til eit nytt nivå. Band Fuse er eit komande rockespel med gitar, og no har vi i ei pressemelding fått vite at utviklarane hos Realta har skaffa seg eit massivt trekkplaster; gitarlegenda Jimi Hendrix

Stort låtutval

Grensesnittet i Band Fuse skil seg drastisk frå Rocksmith.
Grensesnittet i Band Fuse skil seg drastisk frå Rocksmith.

Band Fuse vil i første omgang by på heile 15 låter frå katalogen til Jimi Hendrix gjennom nedlastbart ekstrainnhald. Kva låter det er snakk om har ikkje blitt avslørt enno. Ved sidan av å la deg spele låtene til gitarlegenda, vil Jimi Hendrix bli inkludert i spelet på fleire vis. Du vil kunne sjå videoar frå karriera hans, samt sjå intervju med mange av dagens gitarheltar som snakkar om kor viktig Hendrix var for rocken, og gitaren som instrument.

Jimi Hendrix var uhyre viktig for rockens utvikling. Ved sidan av å spele opp ned på ein gitar sidan han var venstrehendt, var han ein særs eksperimentell gitarist. Gjennom sin bruk av vreng, feedback og gitarteknikkar utvida horisonten for kva som kunne gjerast med instrumentet. Han døydde i 1970 berre 27 år gammal, og blei med det eitt av dei første medlemma i den såkalla 27 års-klubben; ei samling musikarar som alle døydde i ein alder av 27 år. Andre «medlem» er Jim Morrison og Kurt Cobain.

Spelet Band Fuse skil seg frå nyleg lanserte Rocksmith 2014 ved å kunne tilby dei originale lydfilene frå låtane det byr på. Dette betyr at individuelle instrument kan slåast av og på slik at du ikkje berre spelar over ei låt slik du gjer i Rocksmith. Ved sidan av dette har utviklarane hyra inn kjende gitaristar som Slash, Zakk Wylde og Bootsy Collins for å instruere spelaren i bruk av gitar.

Nokon europeisk lanseringsdato for Band Fuse er ikkje klar enno, men Realta lovar at dei vil kunngjere den snart. Det har dei derimot gjort i nærare eit halvt år allereie, så det kan vere lurt å smørje seg med litt ekstra tolmod.

I mellomtida kan du sjekke ut vår rosande omtale av det suverene gitarspelet Rocksmith 2014, eller vår sniktitt på Band Fuse frå tidlegare i år.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen