Rollespelklassikar til Europa for første gong

Nesten tjue år etter lanseringa får vi endeleg spele Earthbound.

Nintendo har gått ut med ein skikkeleg sjarmoffensiv i dag. Dei har kunngjort ein oppfølgjar til The Legend of Zelda: A Link to the Past, ein ny oppfølgjar til Yoshi's Island, samt at Virtual Console blir tilgjengeleg på Wii U frå og med neste veke.

Alle kunngjeringane kom i dagens Nintendo Direct-sending, og ein liten godbit mange tilhengjarar av japanske rollespel har håpa på er Earthbound. Dette spelet er kjent som Mother 2 i heimlandet Japan, men fekk namnet Earthbound då det blei lansert for Super Nintendo i statane i 1995. Europa fekk derimot aldri ei lansering av spelet.

Etter mykje press frå spelarane, blant anna gjennom Wii Us Miiverse, har Nintendo i dag kunngjort at Earthbound blir tilgjengeleg på Wii U via Virtual Console før året er omme.

Earthbound er eit tradisjonelt japansk rollespel, men det har likevel ei rekke element som skil seg frå andre spel i sjangeren. Sjølv om kampane er turbaserte, har ikkje spelet tilfeldige kampar, og du kan sjå alle fiendar på verdskartet. Dette verdskartet er saumlast og tvingar deg ikkje til å gå mellom ulike soner. I staden kan du vandre fritt der du vil, så lenge du er sterk nok til å handtere utfordringane du møter.

Historia handlar om den 13 år gamle guten Ness som vaknar opp etter at ein meteor landar i nabolaget. Dette er byrjinga på eit langt eventyr som sjølvsagt endar med at du må redde verda frå den stor vondskapen. Spelet blei i si tid hylla for si solide historie og gode humor. Vi finn ut kor godt spelet held seg når det dukkar opp på Virtual Console seinare i år.

Les også: Bravely Default kjem til Europa Les også: Anmeldelse: Ni No Kuni: Wrath of the White Witch

Siste fra forsiden