Rullebrettspel til nye plattformer

Både Nintendo og Micrsoft kan glede seg over å få OlliOlli til sine konsollar.

Om du enno ikkje har fått med deg det noko uvanlege skatespelet OlliOlli er du i ferd med å sleppe opp for unnskuldningar. Via Eurogamer får vi i dag vite at spelet tek turen til Xbox One, Wii U og Nintendo 3DS tidleg neste år. Spelet blei først lansert på PlayStation Vita i februar, før versjonar for PlayStation 4, PlayStation 3, PC, Linux og Mac dukka opp i sommar.

Kor vidt dei nye versjonane vil by på nytt innhald seiast det ikkje noko om. Den nye versjonen av spelet blir handtert av Curve Studios i staden for dei originale utviklarane hos Roll 7.

Oppfølgjar på veg

Skjermbilete frå OlliOlli2: Welcome to Olliwood.

OlliOlli skil seg stort frå dei fleste andre skatespel på marknaden, sjølv om det har vore ganske stille på skatefronten dei siste åra. Der andre spel i sjangeren gjerne har satsa på å by på ei truverdig gjenskaping av ein populær sport, er OlliOlli eit sideskrollande actionspel der du får suse gjennom futuristiske byar og trikse langs ryggen på Godzilla.

Spelet blei så pass godt motteke at Roll 7 for eit par månader sidan kunngjode at dei er i full sving med å lage ein oppfølgjar. I OlliOlli2: Welcome to Olliwood reiser vi til ein fiktiv filmby sterkt inspirert av Hollywood for å utføre sprelske triks i nye og utfordrande område. Betre grafikk, eit forbetra triksesystem og moglegheiter for fleire spelarar å konkurrere mot kvarandre er berre nokre av dei nye elementa i oppfølgjaren.

OlliOlli falt godt i smak hos oss då det blei lansert tidleg i år, og vi meinte det var skatespelas gjenoppståing.

Siste fra forsiden