Ryse får mikrotransaksjonar

Du kan punge ut om det går dårleg i fleirspelarmodusen.

Ein av dei største titlane som vil lande på Xbox One ved den norske lanseringa neste år er Ryse: Son of Rome. Dette actionspelet frå Crysis-utviklarane Crytek set deg inn i rolla som ein romersk soldat som må kjempe seg gjennom mange intense scenario.

Sjølv om historia i spelet ser ut til å bli viktig vil spelet òg få ein fleirspelarmodus der du tek på deg rolla som ein gladiator. Denne har Videogamer fått ein kikk på, og der kjem det fram at spelet tek i bruk microtransaksjonar for å hjelpe deg med å byggje ein sterkare krigar.

Du er ikkje nøydd til å bruke pengar, men om du synest det tek for lang tid å samle inn gullet som krevst for å kjøpe betre utstyr, kan du spytte i med eigne pengar for å få fortgang i prosessen. Det heile blir påstått å vere veldig likt systema som er brukt i FIFA: Ultimate Team og Mass Effect 3.

Har du det som skal til for å klare deg i arenaen?

Utstyrsbasert progresjon

Progresjonen i spelet er basert på utstyr, og du kan kjøpe våpen og rustningar i tre kategoriar; bronse, sølv og gull. Prisen og kvaliteten på kva du endar opp med vil naturlegvis variere etter kva edelt metall du siktar deg inn på.

Vi kika på spelets einspelarmodus under E3-messa i juni, og var jamt over positive til det vi såg:

«Ryse ser ut til å bli eit røft og engasjerande actionspel som held seg innanfor ei ganske trygg ramme. For alle som likar actioneventyr i tredjeperson – meg inkludert – kan dette bli eit saftig eventyr, men om du ikkje allereie kosar deg med sjangeren ser det ikkje ut til å vere mykje her som vil deg til å skifte meining.»

Les også: Xbox One utsettes til 2014 i Norge Les også: Sniktitt: D4

Siste fra forsiden