Saints Row IV-utviding har fått dato

Enter the Dominatrix gjer seg klar til å høvle over spelverda.

Den opprinnelege planen til Saints Row-studioet Volition var at Enter the Dominatrix skulle bli ei utviding til Saints Row: The Third. Etter kvart blei det klart at dei heller ville byggje vidare på utvidinga for å lage Saints Row IV. Med det fjerde spelet i den absurde opa verd-serien lansert, har dei no bestemt seg for å lansere Enter the Dominatrix som ei utviding til Saints Row IV.

I ei pressemelding i dag fortel utgjevaren Deep Silver at Enter the Dominatrix blir tilgjengeleg seinare denne månaden. 23. oktober vil du kunne kjøpe utvidinga til både Xbox 360, PlayStation 3 og PC, medan alle som har kjøpt et sesongpass får automatisk tilgang.

Enter The Dominatrix blir tilgjengeleg seinare denne månaden.
Enter The Dominatrix blir tilgjengeleg seinare denne månaden.

Virtuell dominering

I Enter the Dominatrix får vi ein alternativ versjon av Zin-invasjonen. Zinyak og hans utanomjordiske legionar fangar helgenane i ei virtuell verd styrt av den kunstige intelligensen Dominatrix.

Her må du kjempe deg gjennom både gimpar og sex-arbeidarar for å slå av Dominatrix. Ved sidan av å by på nokre nye timar med speletid vil du møte både nye og gamle kjende, samt kunne lytte til eit kommentatorspor.

Vår mann Gøran meinte i si omtale at Saints Row IV er det beste serien har bydd på så langt, og gav det heile ni av ti poeng:

«Saints Row IV er ikkje eit spel du skal ta seriøst. Du skal starte spelet, kople av røynda og berre ha det moro. Alt skaparane har putta inn er der fordi det skal vere moro. Frå den første halvtimen i Saints Row IV til siste oppdrag har eg kost meg, i det som for meg står som det beste i serien så langt.»

Les også: Slik får du rålekker grafikk i Saint's Row IV
Les også: Anmeldelse: Grand Theft Auto V

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen