Saknar du WipEout?

Sony-veteranar viser fram sin andelege oppfølgjar til den heseblesande racingserien.

Det var nok ikkje reint få som måtte tørke ei tåre då det blei kjent at Sony hadde lagt ned det nesten legendariske utviklarstudioet Liverpool Studio for to år sidan. Studioet gjekk først under namnet Psygnosis, og er aller mest kjende for å ha laga den herlege WipEout-serien der futuristiske racingskip susar framover medan dei fyrer laus på kvarandre med rakettar og alt som verre er.

Håpet om eit nytt WipEout-spel forsvann i stor grad med Studio Liverpool, men no kan det sjå ut til at ikkje alt håp er ute. Via Kotaku får vi vite at det ferske utviklarstudioet R8 Games – som er skrudd saman av blant anna ei rekke Liverpool Studio-veteranar – no har vist fram sitt første spel.

Som far, så son

Velkjende trakter i Formula Fusion.

Spelet som har fått namnet Formula Fusion ser ut til å gå WipEout i sømmane på alle måtar. Sjølv om designet på dei ulike skipa skil seg ein del frå stilen vi har blitt kjende med frå WipEout-serien, men utover det ser det meste – inkludert estetikken – ut til å trå velkjende gater.

Formula Fusion blir eit racingspel i same stil som WipEout med flygane skip, våpen, og baner fulle av krumspring og eit stort fokus på å ha så høg fart som mogleg. Du kan sjå sjølv i videoen nedanfor. Namnet på spelet er feil i videoen.

I motsetning til WipEout-serien ser det ikkje ut til at Formula Fusion blir plattform-eksklusiv, og spelet er på veg til Xbox One, PlayStation 4 og PC neste år.

PlayStation Vita-spelet WipEout 2048 er og blir godt mogleg det siste spelet vi nokon gong får i den mangeårige serien. Det var i så fall ein solid svanesong.

Siste fra forsiden