Samarbeid i nytt Resident Evil-spel

I Resident Evil: The Umbrella Chronicles kan du slakte zombier i lag med ein ven.

1UP.com fortel at siste nummer av det japanske bladet Weekly Famitsu avslører ein samarbeidsmodus i Resident Evil: Umbrella Chronicles for Wii. Vi vet ikkje meir akkurat no, men reknar med det går ut på å samarbeide om å skyte seg gjennom kampanjen.

Trailer: Resident Evil: The Umbrella Chronicles #2

Vis større

Trailer: Resident Evil: The Umbrella Chronicles #2

Stikkord:
  • action
  • skrekk
  • spill
  • wii
  • resident evil
  • the umbrella chronicles
  • grøss


Resident Evil: Umbrella Chronicles er ikkje eit tradisjonelt Resident Evil-spel, men hentar inspirasjon frå spel som House of the Dead og Time Crisis-serien. Du vil bruke Wiimoten som ein pistol, og vil få tilgong på ei lang rekke med dødbringande våpen.

Spelet går på «skinner», så alt du må tenke på er å skyte alt du ser på skjermen. Spelet vil la deg skyte forskjellige ting i området – som til dømes bensintønner og bilar – for å drepe mange fiendar samtidig.

Du vil reise gjennom mange kjende område frå dei tidlegare Resident Evil-spela, samt ein del nye som er spesielt utvikla for dette spelet. Kva karakter du vel å starte som, vil i tillegg få betydning for kvar du startar eit oppdrag. Det er bekrefta at vi vil kunne spele få som Jill og Chris frå Resident Evil 1, og Rebecca og Billy frå Resident Evil 0.

Resident Evil: The Umbrello Chronicles er i følgje Nintendo venta i europeiske butikkar i løpet av årets tredje eller fjerde kvartal.

Siste fra forsiden