Anmeldelse

Savage: The Battle for Newerth

Populariteten til onlinespela gror kvar dag som går. Både førstepersons-skytespel og strategispel har no fleirspelar-modusen som kanskje den viktigaste ingrediensen. I Savage er det den einaste ingrediensen. Alt foregår online, noko som både kan føre til glede og frustrasjon. For nye spelarar kan det største problemet vere å faktisk kome seg skikkeleg i gong. Det er inga opplæring å finne her, du bli kasta rett ut i det med ein gong, og om du hamnar i lag med likesinna, eller erfarne spelarar beror i stor grad på tilfeldigheiter.

Rota til suksess
For å få det til i Savage er det i hovudsak to ting som er viktige. At kommandøren veit kva han driv med, og at dei andre spelarane er villige til å gjere kva han ber dei om. Kommandøren ser alt. Om du spring rundt for deg sjølv, kan kommandøren sjå om fiendar nermar seg lenge før du gjer det. Ein våken og erfaren kommandør brukar dette til sin fordel. Han bygger ein base det er vanskeleg å bryte inn i, byggjer forsvarstårn, og held straumen med nye våpen og oppgraderingar gåande. Å bli ein god kommandør er derimot ikkje fullt så lett.

Når du loggar deg på eit spel er sannsynlegheita stor for at kvart lag allereie har ein kommandør. Får du først sjansen til å prøve deg må du også forberede deg på at kritikken snart vil byrje å hagle nedover deg. Det er mange personar blotta for manerar der ute, og du får nok høyre det frå dei. Samtidig er det lett å forstå at folk blir sinte. Har du ein dårleg kommandør blir gjerne basen aldri utvida og du får ikkje nye våpen. Har du ein dyktig kommandør, er det heilt motsatt. Det beste du kan gjere då er å følgje med på kva han gjer, slik at du kan lære av han , og vidareføre det til når det er din tur. Beklagelegvis kan du ikkje lagre ein kamp for å studere kva som skjedde, noko som kunne ha gjort det mykje lettare å få taket på spelet.

Krig i felleskap
Som spelar er det viktig å innfinne seg med at du ikkje er ein einsam soldat i ein kamp til døden. Du er i kamp til døden, men på eit lag, og laget har ein sjef. Gjer du som sjefen seier, og aller viktigast, at alle gjer det dei får beskjed om, er sjansen for siger størst. Du har fleire val, hjelpe kommandøren med å bygge opp basen raskare, sanke ressursar eller drepe monster eller fiendar. Viktig å hugse er at du får erfaringspoeng for det meste av dette. Går du opp i erfaringsnivå får du alt frå betre rustning og våpen, til å bli raskare. Mange nye spelarar gjer den feilen å hoppe rett på små monster, og trur vegen til siger er ved å bli høgst mogleg erfaringsnivå før dei angrip. Dette er ikkje nødvendigvis så lurt, og du kan få ein irritert kommandør på nakken. Det beste er å kombinere alt dette. Bygge litt, for så å springe mot fienden, og eventuelt drepe kryp du finn på vegen.

Om du får ein beskjed er det lett å vite kvar kommandøren vil du skal gå. I tillegg til å høyre ei stemme gi deg ei ordre, dukkar det opp eit sikte på skjermen. Dette viser kor langt du er frå målet ditt, og ei pil vil vise kva veg du må snu deg om til dømes fienden du skal angripe er rett bak deg. I tillegg dukkar det opp ein grøn ring rundt deg kvar gong kommandøren av valt deg, alt i tradisjonell strategi-stil.

Savage: The Battle for Newerth Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 27. februar 2004
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Digital Jesters
  • Utvikler: S2 Games

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen